Viss kortet ditt har komme til rette og du er sikker på at ingen andre har hatt tilgang til det, kan du fjerne sperra i mobilbanken din eller nettbank på oversiktssida for kort. Er du i tvil om nokon andre kan ha brukt kortet, anbefaler vi at du beheld sperra og heller bestiller deg eit nytt kort.
Korleis får eg opna eit kort som er sperra?
Bankkort Viss du ikkje har bestilt nytt kort, kan du oppheve sperra. Korta er då umiddelbart klart til bruk igjen. Har du bestilt nytt kort, kan du ikkje opne det gamle.
Kredittkort: Du kan oppheve sperra innan 48 timar etter at du sperra det. Etter dette vil nytt kort automatisk bli sendt til deg.
Har du ikkje mobilbank eller nettbank, eller kjem du deg ikkje inn der, kan du ringe oss på 57 82 97 00. Er du i utlandet, ringer du +47 57 82 97 00.