Bankkortet mitt verkar ikkje. Kva skal eg gjere?

Det kan vere fleire årsaker til at kortet ditt ikkje fungerer:

  • Du må aktivere nytt kort før det kan brukast til netthandel
    Har du fått nytt kort og skal handla på nett? Då må du aktivere kortet først. Dette gjer du enten med å bruke kortet i butikkterminal og taste inn PIN, eller du kan aktivere kortet i mobilbanken eller nettbanken under menyvalet Kort.

  • Kortet ditt kan vere slite eller øydelagt
    Bestill nytt i mobil- eller nettbanken eller kontakt oss. 

  • Du kan ha overstige uttaksgrensa på kortet
    Det er avgrensingar for uttak i minibank:
    Bankkort
    Bankkort for ungdom
    Bankkort for barn

  • Har du gløymt PIN-koden?
    Har du tasta feil PIN-kode 3 gongar blir kortet ditt sperra. Då kan du hente PIN-koden din i mobilbanken eller nettbanken. PIN-sperren blir oppheva automatisk etterfølgjande natt. 

  • Har du aktivert regionsperre?
    Er du i utlandet, kan det vere regionsperra som gjer at du ikkje får brukt kortet ditt. Viss dette er tilfelle skal du ha fått ein SMS om at kortet er prøvd brukt i utlandet. Regionsperra kan du oppheve i mobilbanken.

Sjå også