Bankkort for ungdom
Ungdomskortet er for alle mellom 13 og 18 år. Kortet kan brukast til netthandel, strømmetenester, kjøp i appar og sjølvsagt i butikken.
Ungdomskortet er for alle mellom 13 og 18 år. Kortet kan brukast til netthandel, strømmetenester, kjøp i appar og sjølvsagt i butikken.
Med på kjøpet får ungdommen sin eigen sparekonto og mobilbanken Spink (kan bruke vanleg mobilbank frå fylte 13 år med BankID).
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Her kan du laste ned vilkåra for ungdomskort.
Frå fylte 13 år er det mogleg å handle på nett med bankkortet, men det krev at de som foreldre bestiller BankID for ungdom.
Gi ungdommen oversikt
Hos oss har ungdommen fleire moglegheiter til å følge med på kor mykje pengar dei har og kva pengane går til.
Spink er ein app laga spesielt for barn og unge som legg vekt på å gjere dette med pengar morsomt og lærerikt. Når barnet har fylt 13 år og har BankID, er det fullt mogleg å bruke vanleg mobilbank eller nettbank. Finn ut kva som passar best for barnet ditt.
Å betale med kort er enkelt og sikkert. Sjekk tipsa våre for smart kortbruk.
Viss ungdommen din ikkje har bankkort for barn frå før, kan du bestille bankkort for ungdom via knappen under. Med på kjøpet følger eigen sparekonto og mobilbanken Spink.
Nytt kort kjem i posten i løpet av 7-10 dagar.
Har barnet allereie bankkort for barn, er det ikkje nødvendig å bestille nytt. Korta blir oppdatert til bankkort for ungdom med moglegheit for netthandel når barnet fyller 13 år.
På bankkort for ungdom gjeld følgjande beløpsgrenser i Norge:
10.000 kroner i løpet av 4 dager i minibankane våre. I tillegg kan du ta ut 10.000 i minibankane til andre bankar. Du kan òg ta ut kontantar i dei fleste butikkar.
Sjå kor mykje du kan ta ut med bankkort for ungdom i utlandet
Sjå kor mykje du kan ta ut i minibanken med:
PIN-koden til kortet ditt finn du under menypunktet Kort i mobilbanken eller nettbanken. Vel det aktuelle kortet, og trykk på Vise PIN.
Gjeld det PIN-kode på bankkort for barn eller bankkort for ungdom, må du kontakte banken for å få tilsendt koden.
I Norge er grensa 50.000 kroner i løpet av 3 dager for varekjøp med bankkort for ungdom, medan i utlandet er grensa 100.000. Hugs at enkelte kjøpestadar kan ha sett lågare grense.
Når ein handlar på nett vil ein bli spurt om kortnummer, utløpsdato og veldig ofte CVV2/CVC2-kode. CVV2/CVC2-koden er dei tre siste siffera som står i signaturfeltet på baksida av kortet. Viss kortet ditt ikkje har denne koden, kan du ikkje bruke kortet til netthandel.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium