Når ein handlar på nett vil ein bli spurt om kortnummer, utløpsdato og veldig ofte CVV2/CVC2-kode. CVV2/CVC2-koden er dei tre siste siffera som står i signaturfeltet på baksida av kortet. Viss kortet ditt ikkje har denne koden, kan du ikkje bruke kortet til netthandel.