Pengemuldyr
Har du blitt spurt om du kan ta imot pengar på kontoen din og vidaresende til nokon andre, mot at du får litt betalt for bryet? Då prøver truleg ein kriminell å bruke deg som pengemuldyr.
Har du blitt spurt om du kan ta imot pengar på kontoen din og vidaresende til nokon andre, mot at du får litt betalt for bryet? Då prøver truleg ein kriminell å bruke deg som pengemuldyr.
Eit pengemuldyr er ein person som får pengar frå éin person og overfører dei vidare til ein annan – mot betaling. Pengemuldyr gjer det mogleg for å kvitvaske pengar frå kriminell aktivitet.
Kriminelle bruker ulike metodar for å rekruttere muldyr. Typiske kanalar er sosiale medium, direktemeldingsappar, e-post og annonsar på nett, men dei kan også ta kontakt ansikt til ansikt.
Dei kriminelle siktar seg særleg inn på unge, arbeidslause, studentar, personar med økonomiske problem, og folk som er nye i landet. Mange, særleg unge, blir lurt til å vere pengemuldyr utan at dei veit at dei gjer noko ulovleg. Deit å vere pengemuldyr er ei kriminell handling og ein kan reknast som medverkande viss ein bidrar til dette.
Døme på direktemelding
«Hei! Kontoen min fungerer ikkje, kan ein kompis overføre 10.000 til deg, og så sender du dei vidare? Du får 500 kroner som takk for hjelpa!».
Verving til å bli pengemuldyr kan sjå ut som ein liten, uskuldig venneteneste. Iblant veit ikkje eingong dei som kontaktar deg kva dei er med på, for dei er berre endå ein mellommann som har blitt lurt.
Hugs: Med ein gong nokon ber deg få pengar med formål å flytte dei, bør varsellampene blinke.
Viss du innser at du har blitt verva som pengemuldyr, gjer du følgjande:
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium