Quishing (QR-kode-svindel)
Quishing, eller QR-kode-svindel, blir stadig meir vanleg. Svindlarane får deg til å skanne ein QR-kode, som sender deg til nettside laga for å lure deg til å gi frå deg sensitiv informasjon.
Quishing, eller QR-kode-svindel, blir stadig meir vanleg. Svindlarane får deg til å skanne ein QR-kode, som sender deg til nettside laga for å lure deg til å gi frå deg sensitiv informasjon.
QR-kode er forkorting for «quick response». Du finn QR-kodar nesten overalt – frå kafear og restaurantar, til reklameplakatar og e-postar. QR-koden ser gjerne ut som ein firkanta strekkode. Du skannar QR-koden med mobilkameraet ditt, og så blir det vanlegvis vist ein nettsidelink. Viss du trykker på den, kan du til dømes bestille mat eller laste ned ein app.
Quishing, eller QR-kode-svindel, er ein svindelmetode der svindlarane bruker QR-kodar til å lure deg. Svindlarane får deg inn på nettside laga for å samle informasjon dei kan misbruke, som til dømes:
Nettsidene kan også brukast til å spreie skadeleg programvare.
QR-kodar er enkle å lage, så kven som helst kan spreie dei via til dømes e-post, klistremerker eller brev i posten. Kodane kan også verke heilt uskuldige, som til dømes tilgong til ein meny på restaurant eller tilgang til ein gunstig rabatt.
QR-kodar har gjort veldig mange ting enklare i kvardagen, men som all annan teknologi kan den misbrukast. Ved å ta nokre enkle forholdsreglar, kan du enkelt redusere faren for å bli lurt.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium