Kjenneteikn på kjærleikssvindel
Såkalla kjærleikssvindel er at ein svindlar innleier, eller forsøker å innleie, eit forhold med deg på nett. Etter kvart ber svindlaren om pengar for komme seg ut av ein vanskeleg situasjon eller bestille ein flybillett. Nokre gonger ber dei om eit lån som straks skal betalast tilbake. Som regel har ein aldri møttest, og plutseleg forsvinn svindlaren i lause lufta, medan pengane er borte for godt.
Typiske kjenneteikn:
- Du får ein førespurnad frå ein person du ikkje kjenner i sosiale medium eller ein møteplass på internett.
- Personen utgir seg for å ha ein viktig jobb eller eit oppdrag i utlandet, og treng etter noko tid hjelp med å overføre pengar til «oppdraget».
- Spørsmålet om pengar spelar enten på kjensler, å dele gevinst, eller hastverk, til dømes at det hastar med å overføre pengane innan ein tidsfrist.
- Samtalen føregår på sosiale medium og flyttar seg så over til e-post eller meldingsapper. Som oftast møter du aldri personen i verkelegheita.
Kvinner og menn blir svindla ulikt
Stadig fleire blir utsett for kjærleikssvindel. Dei fleste er kvinner i starten av 60-åra, men svindelen kan ramme alle aldersgrupper og kjønn.
Kvinnelege offer for kjærleikssvindel blir lokka av svindlarar som let som dei er velståande og lovar ei lykkeleg framtid. Menn blir lurt av svindlarar som framstiller seg som sårbare og ber om hjelp.