Best i test på mobilbank!
SpareBank 1 sin mobilbank blei kåra til Norges beste mobilbank 2024, fordi vi har "ein god og brukarvennleg mobilbank som tar vare på alle".
SpareBank 1 sin mobilbank blei kåra til Norges beste mobilbank 2024, fordi vi har "ein god og brukarvennleg mobilbank som tar vare på alle".
"SpareBank 1 har laga ein god og brukarvennleg mobilbank som tar vare på alle – uavhengig av behov og teknologisk kompetanse."
"På spareområdet har SpareBank 1 bygd ei solid løysing for kundar som ønsker å lære meir og starte eigen sparing."
Gjennom å prioritere brukarvennlegheit og rettleiing, utan å gå på bekostning av funksjonalitet, har dei laga ein mobilbank som sikrar at alle kundane kan dra nytte av moderne banktenester på mobil på ein enkel måte.
Mobilbankrapporten 2024 frå Cicero Consulting *
I min økonomi blir alt du bruker delt opp i kategoriar så du får betre oversikt over privatøkonomien din. Det er enkelt å sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.
Her finn du fondssparing:
Hurra! Du har tatt eit godt val med sparinga di.
Å logge inn med fingeren eller ansiktsgjenkjenning kjenner du kanskje til, og no kan du også betale på same måte. Då går det endå raskare enn før!
Du kan betale med finger og ansikt på alle betalingar under 5.000 kroner.
Slik gjer du det:
Treng du å sjekke kor mykje pengar du har på kontoen lynraskt? Med widgeten vår ser du saldoen med eit sveip.
No kan du sjå alle kredittkorta og forbrukslåna dine, uavhengig kva bank du har dei i. Informasjonen hentar vi frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Oversikta gir deg meir kontroll over alle smålåna og kreditten din. Kanskje du har eit kredittkort du hadde gløymt? Eller ein lånekonto du ikkje har brukt?
I oversikta kan du òg sjekke om du bør refinansiere nokre av låna eller kredittkorta dine, viss det lønner seg. Då kan du får meir å rutte med.
1. Gå til Oversikt.
2. Trykk på Legg til konto eller kort.
3. Trykk på Kredittkort og forbrukslån.
4. Gi samtykke til at vi kan hente informasjon frå Norsk Gjeldsinformasjon.
I mobilbanken får du god oversikt over pensjonen din. Du kan enkelt sjå kor mykje du bør spare, for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.
Visste du at du kan endre eller avslutte abonnement og faste utgifter i mobilbanken? Start med å få oversikt over alle dei faste utgiftene dine. Viss du finn noko du ikkje bruker så mykje, kan du endre eller avslutte dei med ein gong.
No er det enkelt å betale papirfaktura og rekningar på e-post i mobilbanken. Du tar bilde av papirfakturaen eller kopierer fakturaen frå e-posten og slepp kopiering av kontonummer og KID.
Papirfaktura - slik gjer du:
Rekning på e-post - slik gjer du på iOS:
La sparinga gå av seg sjølv Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet.
Her finn du mikrosparing:
Du er i gong med sparinga neste gong du dreg kortet!
Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke.
Sjå også meir informasjon om mobilbank for barn og korleis du bestiller mobilbank for barn.
Treng du hjelp til stort og smått om personleg økonomi, kan du chatte med oss eller kontakte kundeservice i mobilbanken.
Chatten finn du under menyen "Meir" nedst til høgre i mobilbanken. Viss chatboten ikkje kan svare, blir du sett over til ein rådgjevar.
Kundeservice er open kvar dag Telefonnummeret finn du i appen før du loggar inn. Klikk på dei tre strekane øvst til venstre.
* Cicero Consulting er eit norsk produkt- og analyseselskap med spesialkompetanse innan bank- og finanssektoren.
Cicero Consulting har testa og undersøkt 16 mobilbankar, og saman med Norstat gjennomført ein landsrepresentativ undersøking blant mobilbankbrukarar. Undersøkinga tek for seg tilfredsheit, generell bruk, viktigaste eigenskapar og ny funksjonalitet.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium