BankID-appen

Med BankID-appen får du raskare og sikrare innlogging.

Last ned appen og følg stega:

BankID-appen

Slik bruker du BankID-appen

  • Når du skal logge inn i nettbanken eller på offentlege tenester vel du "BankID" (ikkje "BankID på mobil"). Sjå korleis du loggar inn i offentlege tenester med BankID-appen.
  • Du treng ikkje å starte appen når du skal logge inn. Appen opnar seg av seg sjølv etter at du har valt "BankID". 
  • For at appen skal starte opp bør du aktivere varslingar. For å skru på varslar må du gjere følgjande: Gå til Innstillinger på mobilen din. Har du iPhone vel du Varslinger – BankID – Tillat varslingar. Har du Android går du inn på Appvarsler – BankID – Tillat varslar.

Slik ser det ut når du skal logge inn i nettbanken

Innlogging med BankID-app i nettbanken

Slik ser det ut når du skal logge inn i offentlege tenester

Innlogging med BankID-app i nettbanken

Ofte stilte spørsmål om BankID-appen

Ver obs på svindel og forsiktig med lenker 

Det er mange svindlarar som prøver å utnytte endringar rundt BankID. Du vil aldri få SMS eller e-post frå oss eller BankID som ber deg om å logge inn eller laste ned noko via lenker.  

Last alltid apper direkte ned frå App Store eller Google Play. Pass også på at du aldri gir frå deg BankID-passord eller annan sensitiv informasjon uansett kven som tar kontakt og spør deg om dette.