Kva gjer eg viss bagasjen vert forseinka?

Viss bagasjen din er meir enn 4 timar forseinka ved utreise, får du erstatning. Er du på jobbreise vert nødvendige utgifter dekka uansett kor kort tid bagasjen er forseinka. Forseinka bagasje ved heimreise er ikkje dekka av reiseforsikring.

Dette skal du gjere viss bagasjen din er forseinka ved utreise:
 

1: Meld frå til flyselskapet

  • Oppsøk skranken til flyselskapet for å melde ifrå.
  • Få ein stadfesting på forseinkinga – ein såkalla PIR-rapport.
     

2: Kjøp det du treng
Blir bagasjen meir enn fire timar forseinka etter ankomst, kan du handle det nødvendige av klede og toalettsaker for inntil 5.000 kroner per person. Gjeld berre ved utreise. Vi dekkar ikkje utgifter til ting du kjøper etter at bagasjen er tilbake. Dette dekkar òg eventuell leige av nødvendig barnevogn/sykkel/ski eller anna sportsutstyr.

Hugs å ta vare på kvitteringane og bagasjetaggen.
 

3: Kontakt forsikringsselskapet
Meld saka til Fremtind Forsikring for erstatning, innan 1 år frå hendinga. Du kan alltid ringe viss du treng praktisk og umiddelbar hjelp – (+47 915) 02300.
 

Sjå også

Greitt å tenke på

  • Kontakt ansvarleg transportør. Ofte kan dei ordne mykje med ein gong. 
  • Hugs alltid å få ei stadfesting på forseinka bagasje (PIR-rapport). 
  • Ta alltid godt vare på bagasjetaggen i tilfelle bagasjen din blir borte.