Som eigar av eit hus eller hytte har du òg eit vedlikehaldsansvar. Det vil sei at du er sjølv ansvarleg for å rydde snø av taket, balkongen eller terrassen.Bygningsforsikringa dekker skadar som oppstår på grunn av tung snø på taket eller terrassen, dersom skadane er uventa og skjer tilfeldig og plutseleg. Viss du derimot unnlater å måke vekk snø av eksempelvis taket, kan du få avkortning på forsikringa viss du får ein takkollaps.
Kor mykje snø toler taket, og når bør eg måke det?
Kor mykje snø taket ditt toler, avhenger av når huset eller hytta vart bygd. SINTEF og Direktoratet for byggkvalitet har laga nokre retningslinjer som kan hjelpe deg å vurdere når det er på tide å måke.
Bygd mellom 1950 og 1969:
- Lettere takkonstruksjonar toler inntil 150 kg snø per kvadratmeter.
- Tyngre takkonstruksjonar toler noko meir.
Bygd mellom 1970 og 1979:
- Toler inntil 150 kg snø per kvadratmeter.
Bygd etter 1979:
- Toler meir enn 150 kg. Kor mykje avhenger av berekningsgrunnlaget frå byggeåret.
Skal taket ditt tole 250 kg per kvadratmeter, betyr det at taket ditt tole 80 cm gammal snø eller 60 cm våt snø. Skal det tole 350 kg per kvadratmeter, taklar det 120 cm tørr, gammal snø eller 90 cm våt snø.
For at du skal vere på den sikre siden, bør du måke i god tid før grensa er nådd og snøen blir for tung. Då blir jobben enklare også.
Har du fått skadar på grunn av snø på taket eller terrassen?