Forsikring for deg som er ung
Er du ung og skal flytte heimefrå, er det nokre forsikringar du treng, men også nokre du ikkje har behov for heilt enda.
Er du ung og skal flytte heimefrå, er det nokre forsikringar du treng, men også nokre du ikkje har behov for heilt enda.
Når du er ung, er det nærast umogleg å skulle forestille seg ei framtid som ufør. Dette er tida der du legg grunnmuren for vaksenlivet, og du legg til rette for eit langt og yrkesaktivt liv. Men viss noko skjer som gjer at du ikkje kjem deg ut i jobb, sikrar uføreforsikringa deg ei fast inntekt og ein tryggare økonomi.
Du kan velje mellom to uføreforsikringar. Med uførepenjon mottar du månadlege utbetalingar, medan ein uførekapital betalast ut som ein eingongssum.
Er dette noko å bruke pengar på når eg er ung og frisk?
Det er nettopp no risikoen for å bli ufør er på sitt lågaste og det påverkar prisen positivt.
Vil ikkje staten dekke meg via uføretrygda?
Jo, gjennom NAV er du dekt for tap av inntekt ved uførheit, men dei dekkar ikkje heile inntekta du hadde då du arbeidde. Maksimal uføretrygd frå NAV er 66 % av 6 G, noko som svarer til ca. 500.000 kroner i året. Det vil seie at jo høgare inntekt du har før du blir ufør, jo høgare blir òg inntektstapet.
Ein alvorleg sjukdom, som kreft eller hjerneslag, kan snu heile livet på hovudet. Og ofte blir det òg sett litt på vent. Då er det fint å sleppe uroa rundt økonomi, og kun fokusere på å bli frisk att.
Ei kritisk sjukdomsforsikring gjev deg ei skattefri eingongsutbetaling, og du kan sjølv bestemme kva du vil bruke pengane til. Som student baserar ofte inntekta seg på deltidsarbeid og ekstravakter. Dersom du skulle få ein kritisk sjukdom, som gjer at du ikkje kan jobbe, kan ei slik utbetaling dekke økonomiske tap og gje pusterom til å fullføre studiar over ei lengre tid utan å måtte ta maksimalt studielån.
Sjå kva sjukdommar som blir dekte i forsikringa
Når du flyttar heimefrå treng du ei innbuforsikring som kan erstatta tinga dine, viss noko skulle bli øydelagd eller stole. Summen blir fort ganske høg når du legg saman verdiane på alt du har i ei leilegheit, hybel eller kollektiv. Det vere seg alt frå møblar og klede til skuleutstyr og PC-en din.
Men med innbu- og reise for unge, er du også dekt når du er utanfor heimen. Reiseforsikringa gjeld frå du går ut døra, og dekker tjuveri av tinga dine. Så den gjeld like mykje til og frå skulen og ute på byen som på ferie. I tillegg til at tinga dine er forsikra, er du også forsikra mot skader og sjukdom når du er ute og reiser.
Innbuforsikringa dekker også:
Verdisakforsikring
Har du ting som er veldig dyre løner det seg å forsikre akkurat desse tinga. Har du ein heilt vanleg sykkel, som dei fleste kanskje har, går denne inn i Innbu- og reiseforsikringa di. Men har du ein dyr sykkel, over 30 000 kroner, burde du ha ei eiga sykkelforsikring for å få erstatta den viss den skulle bli stolen.
Ein verdisakforsikring er også noko du burde vurdere viss du til dømes har ekstra dyrt datautstyr, bunad, smykke eller andre kostbare ting.
Når du kjøper reiseforsikring vel du sjølv maks lengda på opphaldet for kvar enkeltreise – frå maks 70 dagar lange reiser, opptil ca. 6 månader lange reiser (180 dager). Her er lengdene du kan utvide reiseforsikringa med:
Har du alt reiseforsikring kan du logge inn til mine forsikringar og sjå kva varigheit du har valt. Skal du på ei lengre reise og treng å utvide reiseforsikringa kan du kontakte oss, så hjelper vi deg å justere opp makslengda for reisa.
Reiseforsikring for langtidsopphald
Polisenummer er det same som avtalenummer og forsikringsnummer. Dette nummeret er unikt for kvar forsikringsavtale du har. Altså er nummeret på til dømes bilforsikringa di forskjellig frå husforsikringa di.
Kvar finn eg polisenummer og skadenummer?
Polisenummeret finn du under avtalenummer i forsikringsbeviset/forsikringspolisen din (under aktuell forsikring) ved å logge inn til «mine forsikringar» eller sjå mobil-/nettbanken.
Kundenummer
Du har også eit kundenummer, som er unikt frå kunde til kunde. Det er også ulikt dersom du er forsikringskunde både som privatkunde og bedriftskunde.
Skadenummer
Viss du må melde sak etter for eksempel ein skade, får du eit skadenummer (også kalt saksnummer). Dette er ulikt frå sak til sak. Leter du etter skadenummeret ditt, kan du logge inn til «mine skadesaker» hos Fremtind og finne dette der.
Forsikringspremie er det same som forsikringspris. Altså prisen du betalar for ei forsikring.
Forsikringspremie (årspremie, premieauke osv.) kjem frå det latinske ordet praemium, som betyr belønning/pris/gevinst. Det er eit gamaldags uttrykk og skapar ofte forvirring då det ikkje har noko med dagens ord "premie" å gjere. Forsikring er vanskeleg nok for mange utan at vi treng å gjere det meir komplisert. Vi har difor valt å ta det vekk frå nettsidene våre og heller bruke orda "pris" eller "kostnad".
Ønsker du å sjekke prisen før du kjøper kan du bruke forsikringskalkulatoren vår.
Har du reiseforsikring (eller betalt billetten med kredittkortet ditt) og du er nøydd til å avbestille ein reise, kan du få refundert billettane for arrangement (utflukt, konsert, show, aktivitetsskule og liknande) i samband med reisa. For eksempel om du må avbestille flybillettar til ein stad der du òg har kjøpt billettar til ein konsert.
Billettforsikringa i reiseforsikringa dekker ubenytta og førehandsbetalte billettar viss du skal på ei reise og avbestillinga skuldast anten:
Har du billettar du ikkje får nytta?
Du må sjølv avbestille billettane og undersøke om du får noko refundert hos aktøren, før du melder sak til oss. Du er ikkje dekt for avbestilling av billettar til arrangement dersom ikkje arrangementet er i forbindelse med ei reise som også må avbestillast.
Hovudforfall er den datoen forsikringsavtalane dine blir fornya, og er éin gong i året. Når du kjøper ei forsikring så er dette i hovudsak ein årsavtale. Det betyr ikkje nødvendigvis at du er bunden til avtalen i eit år. Du kan seie opp ei løpande forsikring viss behovet forandrar seg eller viss du flyttar forsikringa til eit anna selskap. Forsikringsavtalen blir fornya automatisk når det har gått eit år, på hovudforfallsdatoen.
Dei fleste forsikringar har ulik risiko avhengig av årstida og sesong, medan prisen du betalar for løpande forsikringsavtalar som regel er den same kvar månad. For nokre forsikringar så svingar denne risikoen så mykje at vi har ein såkalla sesongvariert pris.
Du kan finne datoen for hovudforfallet for forsikringane dine i forsikringsavtalane, under forsikringsperiode. Forsikringsavtalane finn du ved å logge inn til mine forsikringar, i mobilbanken eller nettbanken. Som regel har alle dei individuelle skadeforsikringane dine same hovudforfallsdato.
Ved hovudforfall kan forsikringsselskapet endre prisar og vilkår, men må informere om endringane i fornyingsdokumenta. Selskapet kan ikkje endre prisar og vilkår på løpande avtalar med unntak av om risikoen endrar seg. Døme der risikoen endrar seg er viss du endrar køyrelengda i bilforsikringa, eller du byrjar å leige ut huset du har forsikra.
Eit anna eksempel er viss eigenandelen ved veghjelp går opp frå 750 kr til 1000 kr etter at du har inngått avtale om bilforsikring. Då vil du framleis ha 750 kr i eigenandel (ved veghjelp) fram til neste hovudforfall.
Sjå også
Korleis endrar eg forfallsdato?
Kva er ein kollektiv forsikring?
Kva er forsikringspremie?
Kva er regress?
Kven er forsikringstakar?
For å endre adressa på innbuforsikringa di, kan du logge inn i mine forsikringar, mobilbanken eller nettbanken og velje "Innbuforsikring" under "Mine forsikringar". Der vil du finne linken til "Endre adresse". Dersom innbuforsikringa di nærmar seg hovudforfall, vil det ikkje vere mogleg å endre denne sjølv. Då må du ta kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare.
Vi anbefalar at du ventar med å endre adressa til etter du har flytta til ny bustad og meldt dette til folkeregisteret. I flytteperioden dekkjer innbuforsikringane både ny og gamal adresse.
Har du LOfavør Innbuforsikring slepp du å endre adresse. Denne følgjer din folkeregistrerte adresse.
Treng du hjelp er det berre å ta kontakt med oss. Du kan både ringe oss, chatte, skrive til oss eller avtale eit møte med ein forsikringsrådgjevar i banken.
Har du innbuforsikring hos eit anna forsikringsselskap?
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium