Behandling i Norge og utlandet
Viss du bruker helseforsikringa er det lurt å vite at vi har eit stort medisinsk nettverk beståande av fleire ulike klinikkar i både Norge, Sverige og Danmark. Viss det ikkje finst tilgjengeleg kompetanse i Skandinavia kan det tilvisast til andre private behandlingsinstitusjonar i Europa som vi har inngått avtale med.
Kva hvis eg bur i utlandet?
Privat helseforsikring kan som hovudregel berre kjøpast av deg med fast bustadsadresse i Norge (unntak hvis du er student i Sverige eller Danmark), og som har budd samanhengande i Norge dei siste fem åra. Kontakt oss viss du er usikker.
Internasjonal helseforsikring
Om du er ute etter ei helseforsikring for når du er på reise i utlandet, vil reiseforsikringa vår vere som ein type «internasjonal helseforsikring». Vår samarbeidspartnar SOS International hjelper deg med behandling av akutt oppstått sjukdom og skade både i privat eller offentleg helsevesen i utlandet. Reiseforsikringa vår gjeld for maks 70 dagar samanhengande reise, med moglegheit for å utviding. Les om behandling av sjukdom og skade i utlandet.
Skal du studere og bu i utlandet over lengre tid bør du kontakte ein spesialist på internasjonal studentforsikring eller expat-forsikring. Om du skal studere, reise eller bu i eit EU/EØS-land, Storbritannia eller Sveits over lengre tid, kan du ha rett til dekning av helsetenester via Europeisk helsetrygdkort (Helfo-kortet).
Sjå også
Kva er europeisk helsetrygdkort, og kor bestiller eg det?
Tilbyr de langtids reiseforsikring for lengre ferieopphald i utlandet?
Dekker helseforsikringa reiseutgifter?