Kva er regress?

Regress er krav du har på å få dekt beløp du har betalt på vegner av andre. Å søke regress  betyr å krevje inn pengar frå den som er erstatningsansvarleg for ein skade. Formålet er å plassere ansvaret på rett stad.

Eit par døme på regress i samband med forsikringsoppgjer er: 

  • Ein person køyrer ein uforsikra bil og blir skuld i ein skade på ein fotgjengar. Den skadde personen får varig mén på grunn av skaden og har krav på erstatning. Erstatninga får vedkommande frå Trafikkforsikringsforeininga. Etter utbetaling krev Trafikkforsikringsforeininga beløpet tilbakebetalt frå eigaren av den uforsikra bilen.
  • Du oppdagar ein skade på huset ditt på grunn av ein handverkarfeil. Forsikringsselskapet ditt dekker skadene, men søker regress hos forsikringsselskapet til handverkaren.
  • Du får tilbakeslag frå kommunalt kloakknett. Forsikringsselskapet ditt dekker skadene, men søker regress hos kommunen.
  • Ein person drikk seg full og sovnar i dusjen på eit hotellrom. Vatnet renn utover gulvet og nedover i fleire etasjar. Hotellet får erstatning frå forsikringsselskapet sitt. Etter utbetaling krev forsikringsselskapet til hotellet beløpet tilbakebetalt frå personen som sovna i dusjen (eventuelt forsikringsselskapet til denne personen).

Regress vurderast individuelt i kvart tilfelle, der faktorar som ansvarsgrunnlag, storleiken på kravet, bevis og fristar blir teke med i vurderinga. Å sende eit regresskrav garanterer ikkje nødvendigvis at vi vinn fram i saka, sjølv om vi meiner å ha rett.

Som forsikringskunde må du betale ein eigenandel når du brukar forsikringa di, uavhengig av skuld i skaden. Dersom du meiner at nokon andre er ansvarlege, kan du kontakte dei direkte for å kreve tilbake eigenandelen din.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }