Sammanlikning av bilforsikringar
Det finst fire forskjellege typar bilforsikringar du kan velje mellom. Her kan du samanlikne prisar og dekningar for ansvar, delkasko, kasko og toppkasko.
Det finst fire forskjellege typar bilforsikringar du kan velje mellom. Her kan du samanlikne prisar og dekningar for ansvar, delkasko, kasko og toppkasko.
Ei ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig eit køyretøy som blir brukt på vegen. Den dekker erstatningar for skadar påført andre personar, deira eigedelar og eigedom. Denne er inkludert i alle bilforsikringar. Lova om ansvarsforsikring omfattar bilansvarslova.
Det som er viktig å hugse på med ansvarsforsikring, er at viss du er skuld i ein kollisjon eller utforkøyring dekker ikkje forsikringa skadar på eigen bil.
Som ein tommelfingerregel bør du berre droppe kasko viss du har råd til å reparere eller kjøpe ein tilsvarande bil, viss noko skulle skje.
Delkasko (også kalla minikasko) er ei forsikring som dekker brann, tjuveri, innbrot, veghjelp og glasskade, i tillegg til det den lovpålagte ansvarsforsikringa dekker.
Ønsker du å vere dekka mot steinsprut og glasskade må du som minimum ha delkasko (minikasko).
Kaskoforsikring inkluderer minikasko og ansvarsforsikring, og dekker i tillegg skadar på eigen bil som følge av kollisjon og utforkøyring.
Full kasko (som kasko også kallast) forvekslast ofte med den beste bilforsikringa, noko som er feil. Vår beste bilforsikring heiter toppkasko. Hos andre forsikringsselskap kan toppkasko typisk omtalast som bil pluss, super, utvida, kasko pluss osb.
Viss du har ein nyare bil anbefaler vi kasko eller toppkasko.
Toppkasko er vår beste bilforsikring. Den gir deg kasko-/fullkaskodekning, men i tillegg får du ekstra tryggleik med erstatning for maskinskade (for bilar nyare enn 10 år). Ein annan ting som er verdt å merke seg, er at denne forsikringa også gir deg leigebil i inntil 45 dagar etter skade.
Har du ein ny og dyr bil du er avhengig av i kvardagen bør du ha toppkasko.
Nedenfor kan du samanlikne våre fire typar bilforsikringar og finne den som passar ditt behov best.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kor gjeld forsikringa? | Dekkes av Toppkasko | |
Kven gjeld forsikringa for? | Dekkes av Toppkasko | |
Trafikkforsikringsavgift | Dekkes av Toppkasko | |
Sal av bilen | Dekkes av Toppkasko | |
Avregistrering av bilen | Dekkes av Toppkasko | |
Kva dekker forsikringa? | ||
Ansvar | Dekkes av Toppkasko | |
Rettshjelp | Dekkes av Toppkasko | |
Førar- og passasjerulykke | Dekkes av Toppkasko | |
Brann, tjuveri og hærverk | Dekkes av Toppkasko | |
Veghjelp | Dekkes av Toppkasko | |
Steinsprut og glasskade | Dekkes av Toppkasko | |
Fastmontert tilleggsutstyr | Dekkes av Toppkasko | |
Ting i bilen | Dekkes av Toppkasko | |
Skade på eigen bil | Dekkes av Toppkasko | |
Ny bil ved totalskade | Dekkes av Toppkasko | |
Leigebil | Dekkes av Toppkasko | |
Bilnøkkel | Dekkes av Toppkasko | |
Parkeringsskade utan bonustap. | Dekkes av Toppkasko | |
Maskinskade | Dekkes av Toppkasko | |
Eigenandeler | ||
Vel eigenandel sjølv | Dekkes av Toppkasko | |
Rabattar og bonus | ||
Bonus | ||
Lærekøyring | ||
Samlarabatt | ||
Småskadar |
Selje bruktbil?
Ved kjøp og sal av bruktbil vil bilforsikringa til seljar automatisk avsluttast frå den dagen Statens Vegvesen registrerar salsmeldinga. Du treng difor ikkje å seie opp bilforsikringa din sjølv.
Hugs å avslutte andre avtaler som står på bilen, som til dømes bombrikke og parkeringsavtalar.
Kjøpe bruktbil?
For deg som kjøper bruktbil betyr det at du er nødt til å kjøpe ny bilforsikring før du får omregistrert bilen i ditt namn.
Hos oss får du bilforsikring på dagen, eller faktisk på minuttet viss du kjøper på nett. Du kan òg velje kva dato du ønskjer at bilforsikringa di skal gjelde ifrå, om du ikkje har overtatt bilen enno.
Utvida garanti
Om du vel toppkasko bilforsikring hos oss, får du ein utvida garanti via maskinskadedekninga. Då må bilen vere under 10 år og ikkje ha køyrt meir enn 250.000 km. Les meir om maskinskadeforsikring.
Ja, det er fleire måtar du kan innhente tilbod på bilforsikringa di.
1: Innhente tilbod digitalt
Du kan innhente tilbod på bilforsikringa ved å bruke bilforsikringskalkulatoren og berekne prisen sjølv. Kalkulatoren tar høgde for ting som bonus og LOfavør-rabatten. Du kan velje om du vil kjøpe med ein gong, eller lagre tilbodet til seinare.
2: Kontakt forsikringsrådgjevar
Ønsker du heller å prate med ein forsikringsrådgjevar for å få tilbod på bilforsikring, kan du kontakte oss via kontaktflatene nedenfor (ring oss, avtal eit møte, skriv melding, oppsøk eit kontor eller chat med oss). Du treng ikkje vere bankkunde for å bli forsikringskunde hjå oss.
3: Bli kontakta av forsikringsrådgjevar
Du kan òg legge att ei kort melding og bli ringt opp av ein forsikringsrådgjevar.
Er du ung og skal kjøpe din første bil og di første bilforsikring, er det eit par tips det kan vere greitt å vite. Vi har satt saman ein liten guide med nokre viktige tips du bør tenke på i vurderinga di som førstegangskjøpar.
Fyrst av alt, så finst det 4 forskjellige bilforsikringar (eller dekningar som dei òg kallast):
Når du skal velje bilforsikring, er det viktig å vurdere følgjande faktorar:
Mange er opptekne av å få den billegaste bilforsikringa for å byggje opp bonus. Men det som er viktig å vite, er prisen etter at alle rabattar er lagde til. Det finst også andre triks for å gjere bilforsikring billegare.
Bruk vår bilforsikringskalkulator så ser du prisen før du kjøper. Du kan også få tilbod på bilforsikring ved å kontakte ein forsikringsrådgjevar.
Ansvarsforsikring er den billegaste bilforsikringen. Den oppfyller minimumskravet for bilforsikring viss du har ein registrert bil du skal bruke på vegen.
Det som er viktig å hugse på med ansvarsforsikring, er at viss du er skuld i ein kollisjon eller utforkjøring, dekkar ikkje forsikringa skadene på eigen bil. Som ein tommelfingerregel bør du berre droppe kasko dersom du har råd til å reparere eller kjøpe ein tilsvarande bil, om noko skulle skje.
Om du ikkje treng å bruke bilen for ei periode, kan du midlertidig avregistrere den. Har du delkasko eller betre vil du automatisk gå over på ein lagringsforsikring, som er den billegaste bilforsikringa.
Sjå også
Alle registrerte bilar må minimum ha ansvarsforsikring. Ansvar er den grunnleggjande dekninga som er lovpålagt alle registrerte bilar.
Ansvarsforsikring dekker:
Ønsker du å vere dekka for skadar på eigen bil må du ha kaskoforsikring eller toppkasko.
Viss du mellombels avregistrerer bilen vil du automatisk gå over på ei lagringsforsikring slik at bilen framleis er dekt mot mellom anna brann og tjuveri.
Ein bil blir sett på som ein veteran når bilen er 30 år gammal. Dette gjeld frå og med 1. januar det året køyretøyet først blei registrert i Norge, eller produksjonsdato dersom den er importert. Det er Toll- og avgiftsdirektoratet som bestemmer definisjonen på veteranbilar, mens Statens vegvesen bestemmer den tekniske klassifiseringa for veteranbilar (teknisk gruppe: M1, M2, O1 osv.).
Reglar for veteranbil
Det er særskilde reglar du må følgje viss bilen din er ein veteranbil og du ønsker å forsikre den med veteranbilforsikring:
Det er ei myte at alle veteranbilar slepp EU-godkjenning. Fram til 2016 gjaldt fritaket for EU-godkjenning bilar registrert før 01.01.1960. Men i 2016 vart dette endra til kun å gjelde bevaringsverdige veteranbilar over 50 år.
Avregistrere veteranbil
Viss du avregistrerer veteranbilen i vinterhalvåret, vil du automatisk gå over på ei lagringsforsikring slik at du framleis er dekt mot blant anna brann og tjuveri når køyretøyet står lagra.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium