Forsikring el-sparkesykkel

Det er lovpålagd med ansvarsforsikring for el-sparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Med forsikring køyrer du lovleg og får erstatning viss noko skulle skje.

Er du under 18 år kan du ikkje kjøpe forsikring sjølv. Foreldre eller føresette er derfor ansvarlege for å forsikre køyretøyet fram til du blir 18 år.

glad jente i gata som har forsikra sin el-sparkesykkel
Pris frå 49 kroner per månad
Lovpålagd ansvarsforsikring er alltid inkludert
Dekker tjuveri utanfor eigen bustadsadresse
mann på el-sparkesykkel køyrer fort

Kva dekker forsikring for el-sparkesykkel og andre små elektriske køyretøy?

Ansvarsforsikring er minstekravet. Har du eit dyrt og fint køyretøy kan du utvide forsikringa til å også gjelde for brann og tjuveri. 

Oversikta er rettleiande. Sjå vilkår for detaljar.

Om forsikringa Brann/tjuveri Ansvar
Kvar gjeld forsikringa? Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes av Ansvar
Kven gjeld forsikringane for? Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes av Ansvar
Kva dekker husforsikringa?
Ansvar Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes av Ansvar
Rettshjelp Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes av Ansvar
Ulukke Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes av Ansvar
Brann Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes ikke av Ansvar
Tjuveri Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes ikke av Ansvar
Eigenandelar
Eigenandel Dekkes av Brann/tjuveri Dekkes ikke av Ansvar
Rabattar
Samlerabatt

Viktig å hugse på

Reglar for bruk

Reglar for bruk av el-sparkesykkel

I 2022 lover og reglar for el-sparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Det nye regelverket gjorde at desse køyretøya ble omklassifisert fra "sykkel" til "motorvogn". Det er nokre viktige reglar knytt til køyring med el-sparkesykkel (og andre små elektriske køyretøy):

  • Aldersgrense er 12 år.
  • Promillegrense på 0.2 ‰.
  • Påbode med hjelm for barn under 15 år.
  • Påbode med ansvarsforsikring (frå 1. jan. 2023).
  • Det er ulovleg å køyra to personar eller fleire på el-sparkesykkelen.
  • Maks hastigheit på 20 km/t ved eiga motorkraft.

Du treng ikkje ansvarsforsikring for:

  • Elektriske køyretøy som køyrer under 10 km/t. Desse er dekt av innbu- og reiseforsikring
  • Elsykkel og vanleg sykkel reknast ikkje som små elektriske køyretøy og treng ikkje denne forsikringa.
  • El-sparkesyklar du leiger på gata (då er det utleigefirma som er ansvarlege for forsikringa).

Forsikringsplikt

El-sparkesyklar og andre små elektriske køyretøy blei frå 1. januar 2023 klassifisert som motorvogn, og omfattast no av bilansvarsloven. Dette betyr at du som eigar denne typen køyretøy er lovpålagd å forsikre desse.

Les om forsikringsplikten på tff.no

Permanent hastighetssperre

Køyretøyet som forsikrast må ha ei permanent hastighetssperre som gjer at det ikkje er mogleg å oppnå høgare hastighet enn 20 kilometer i timen med motorkraft.

Dersom du har ein el-sparkesykkel der det er mogleg å fjerne hastigheitssperra, så er den ulovleg å køyre med og kan heller ikkje forsikrast.

Tydelig merking

Køyretøyet må merkast tydeleg og varig med produsentens namn, typebetegnelse og fabrikasjonsnummer, slik at det er enkelt å identifisere. Plasser merkinga godt synleg, slik at den er vanskeleg å endre eller fjerne.

Tekniske krav til køyretøyet

  • Maks hastighet på 20 km/t. 
  • Krav til bremser, lys framme, refleks bak og ringeklokke.
  • Maksimal eigenvekt 70 kg, maksimal breidde 85 cm, maksimal lengde 120 cm.
  • Kun sjølvbalanserande små elektriske kjøretøy kan ha sete (for eksempel Segway).


Les meir om tekniske krav til el-sparkesyklar og andre små elektriske køyretøy


Vilkår og produktinformasjon

Vilkår

Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.

Kva er IPID?

Forsikringa gjeld for meir enn berre el-sparkesyklar

Den nye lova gjeld for alle små elektriske køyretøy som kan køyre over 10 km/t. Det betyr at det er andre køyretøy enn el-sparkesyklar som er omfatta av regelverket. Det gjeld òg: 

  • større tohjulingar, som Segway
  • mindre einhjulingar, som Airwheel
  • ståbrett, som Hoverboard
jente har falle av el-sparkesykkelen sin

Har du vore utsett for uhell, brann eller tjuveri av sparkesykkelen?


Kva lurer andre på?

Dame som ratar best i test på forsikring

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.   

Les om våre best i test-utmerkingar

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.