Lagringsforsikring for avregistrerte bedriftskøyretøy
Dersom bedrifta avregistrerer køyretøy, vil forsikringa gå over til ei lagringsforsikring. Då slepp du også å betale Trafikkforsikringsavgift.
Dersom bedrifta avregistrerer køyretøy, vil forsikringa gå over til ei lagringsforsikring. Då slepp du også å betale Trafikkforsikringsavgift.
*Gjeld bil, lastebil, arbeidsmaskiner og buss.
Privatperson? Sjå lagringsforsikring
Lagringsforsikring er ein versjon av den opphavelege forsikringa, men forskjellen er at vi:
Det vil seie at de framleis vurderer dei andre dekningane de hadde før de avregistrerte køyretøyet, fordi uforutsette hendingar kan skje sjølv om køyretøyet er lagra og avregistrert. Har de kun ansvarsforsikring før de avregistrerer, vert forsikringa avslutta heilt. Det gjeld også viss køyretøyet er leasa.
Greitt å vite
Då tek de kontakt med oss, slik at vi kan oppgradere dykk tilbake til den opphavlege forsikringa.
Deretter kan de registrere køyretøyet dykkar igjen hos Statens vegvesen.
Viss køyretøyet dykkar blir registrert som seld, vraka eller stole, blir forsikringa avslutta heilt.
De kan når som helst seie opp lagringsforsikringane viss de ikkje ønskjer å behalde denne.
Har bedrifta allereie eit uregistrert køyretøy kan vi tilby ei lagringsforsikring for uregistrert køyretøy, som dekkjer køyretøya dykkar mot brann og tjuveri når desse står lagra.
Vi har to typar lagringsforsikring:
Kva er forskjellen?
Lagringsforsikring ved avregistrert køyretøyfår de automatisk når de midlertidig avregistrerer køyretøyet de allereie har forsikra hjå oss. Lagringsforsikring for uregistrert køyretøy kan de kjøpe når de forsikrar eit uregistrert køyretøy.
Kontakt oss dersom du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg.
Trafikkforsikringsavgift er det som tidlegare var årsavgift på køyretøy. Myndigheitene har bestemt at alle registrerte køyretøy med lovpålagt ansvarsforsikring må betale denne avgifta. Det er forsikringsselskapa som krev inn den nye avgifta, for staten.
På fakturaen er trafikforsikringsavgifta spesifisert for kvart køyretøy og beløpet blir delt opp i same tal betalingsterminar som forsikringsavtalen.
Alle registrerte køyretøy skal minimum ha ansvarsforsikring.
1. januar i år blei det innført endringar i bilansvarslova. Det betyr at også alle typar uregistrerte traktorar som går fortare enn 10 km/t må forsikre. Det gjeld også traktor som kun blir brukt på eigen eigedom eller lukka område.
Skulle ein uforsikra uregistrert traktor gjere skade, vil Trafikkforsikringsforeininga stå for skadebehandlinga og i kvart enkelt tilfelle vurdere regress mot køyretøyeigar.
Skal du melde inn eller ut ein tilsett til ei forsikringsordning kan du gjere dette ved å logge inn i mine bedriftsforsikringar og velje "Meld inn/ut tilsett".
Dersom du ikkje har tilgang til tenesta, ta kontakt med oss, så ser vi korleis vi kan hjelpe deg.
Sjå også:
For å seie opp ei bedriftsforsikring eller landbruksforsikring må du ta kontakt med oss, slik at vi kan avslutte forsikringa for deg.
Viss du ønsker å melde tilsette inn/ut av forsikringsavtalane kan du logge inn til «mine bedriftsforsikringar» og gjere dette sjølv.