KUNDEFORDEL
Sensorteknologi i landbruket
Sensorteknologi har fleire nyttige bruksområde for landbruket. Ved riktig bruk kan du spare deg sjølv for mykje arbeid, samtidig som du tar betre vare på miljøet og får rabatt på forsikringane.
KUNDEFORDEL
Sensorteknologi har fleire nyttige bruksområde for landbruket. Ved riktig bruk kan du spare deg sjølv for mykje arbeid, samtidig som du tar betre vare på miljøet og får rabatt på forsikringane.
Sensorar kan bidra til å førebygge, avgrense og stoppe brann. Ein brann unngått kan gjerne spare garden for liv, store utgifter og psykiske påkjenningar. Bruker du sensorar til skadeførebygging gir vi deg 10 % rabatt på forsikringa. Døme på dette kan vere:
Varmeutvikling i el-skap
Dei fleste branner i landbruket startar i el-anlegg. Varmeutvikling er første teikn til at noko er gale. Med sensorteknologi kan slike feil avdekkast, varslast og rettast opp før det blir brann. Vi samarbeider med leverandørar av sensorteknologi som kan bidra til førebygging av slike brannar. Med slike varmesensorar installert i el-skapa på garden får du 10 % rabatt på bygningsforsikringane. Les meir om varmesensorane til Elotec og El-watch.
Varmeutvikling i arbeidsmaskinene
EloRa temperatursensor med probe gir deg kontinuerleg oversikt over temperaturen i traktor, kompaktlastar og andre arbeidsmaskiner. Setje opp grenser som varslar deg ved forhøga temperatur, slik at du kan gjere tiltak før det tar fyr. Sensoren gir deg 10 % rabatt på arbeidsmaskinforsikring.
Overvaking av høy og halm
Lagring av høy kan vere kjelde til brann i landbruket. I fuktig høy og halm føregår det ei bakteriell nedbrytning som kan føre til varmeutvikling. Høy og halm isolerer godt mot varmetap, så varmeutviklinga kan føre til at temperaturen stig til over 75 grader. Dette kan føre til sjølvantenning av gassane som oppstår. EloRa Temperatur og fuktsensor er eit godt verktøy for å optimalisere ventilasjonen og vending, og som gir deg 10 % rabatt på både forsikring av driftsbygning og innsatsmidlar.
Sensorar kan bidra til å førebygge og avgrense vasskader. Det kan spare garden for mykje ekstraarbeid og sure kostnader. Bruker du sensorar til skadeførebygging gir vi deg 10 % rabatt på forsikringane. Døme på dette kan vere:
Lekkasjar i vatninganlegget
Dersom du nyttar sensorar for overvaking av vatninganlegget for å gjere vatninga betre, gir vi deg 10 % rabatt på forsikring av planteproduksjon. Døme på dette er 7sense sin Irrigation Sensor, som er ein robust sensor-enhet som festast på spreievogna. Sensoren varslar dersom noko går gale under vatning, slik at du kan avgrense skadane.
GPS-teknologi saman med sensorar kan hjelpe deg med å kartlegge og spore jordbruksmaskiner nøyaktig. Dette gir moglegheit for presisjonslandbruk, der ressursar som vatn, gjødsel og sprøytemiddel blir brukt meir effektivt.
Presisjonssensor for riktig vinkel på slepereiskap
SoilMate har utvikla eit system som består av sensorar på reiskap og traktor. Dette gir deg verdifull informasjon om maskina sine vinklar i forhold til underlaget. Systemet monterast på traktoren og redskapet du har i dag, og gir deg sanntidsinformasjon på mobilen eller nettbrettet ditt om vinkelen, slik at du får betre utnytting av harv, såmaskin, sentrifugalspreiar eller plog.
Brukar du denne presisjonssensoren gir vi deg 10 % rabatt på forsikring av planteproduksjon.
Sensorar kan brukast for å overvåke jordfuktigheit og temperatur. Dette hjelper deg med å optimalisere vatning og tilpasse plantingstidspunktet for ulike avlingar.
Måler du jordfuktigheit, temperatur og konduktivitet i jorda gir vi deg 10 % rabatt på forsikring for plateproduksjonen. Døme på sensor er:
Jordsensor
EloRa jordsensor gir deg kontinuerleg overvaking av jordforholda slik at du kan starte arbeidet på åkeren på rett tidspunkt. Om det er setting av tidleg potet eller om ein skal ha kontroll på når jordet treng vatning.
Sensorteknologi kan brukast til å overvake helse og tilstand av avlingar ved å måle faktorar som fukt, næringsstoff og lysforhold. Dette kan gi deg tidleg varsling ved utfordringar og problem.
Temperatursensor i siloar og tøreanlegg
EloRa Tempsensor målar temperatur i tøffe miljø, og gir deg oversikt og varsling før ein mogleg varmgang utviklar seg. Den gir deg også 10 % rabatt på forsikring.
Sensorar kan brukast til å oppdage og overvake skadedyr. Dette kan hjelpe deg å implementere tiltak på rett tidspunkt og minimere skade på avlingane.
Måling av CO2-nivå og andre gassar som påverkar vekstvilkåra for plantar, kan blant anna gi deg nyttig informasjon i tidleg dyrkingsfase. Du kan også bli varsla ved luftforureining og unormale CO2-verdiar, slik at du kan iverksette tiltak.
Brukar du sensorar til overvaking av CO2-nivå gir vi deg 10 % rabatt på forsikring av driftsbygningen. Døme på dette er:
CO2-sensor
EloRa CO2-sensor gir deg varsling ved forhøga CO2-nivå i ventilasjonsanlegg i fjøs, eller ved silogass i siloen.
Sensorteknologi kan brukast for å overvake dyra si helse og åtferd. Dette inkluderer temperatur, aktivitetsnivå, næringsstoff og eventuelle teikn på sjukdom. Viss du bruker sensorer for overvaking av husdyra gir vi deg 10 % rabatt på forsikringa av produksjonsdyra. Eksempel på dette er:
GPS-sporing av dyra og virtuell inngjerding
GPS-sporing av dyra og virtuel inngjerding av beitedyr, som eksempelvis den Nofence tilbyr.
Helsesensor for storfe
EloRa Bolus målar kontinuerleg aktivitet og temperatur frå vommen til storfe. Den varslar om alt frå kalving til sjukdom ved hjelp av eit trådlaust skysystem.
Sensorar kan gi nøyaktig informasjon om vêrmeldingane på garden, inkludert temperatur, luftfuktigheit, vindhastigheit og nedbørsmengde. Dette kan hjelpe med å planlegge arbeidet på garden meir effektivt.
Rabatt på forsikring
Viss du bruker sensorar for overvaking av vêrmeldingar som fuktigheit, nedbør og temperaturar gir vi deg 10 % rabatt på forsikring av planteproduksjon. Døme på dette er frostsensor som overvakar nattefrost for deg som dyrkar på friland.
Sensorar kan bidra til å oppretthalde optimale vekstforhold for plantar ved å regulere vatning, gjødsling og belysing basert på sanntidsdata.
Beskytt verdiane på garden gjennom skadeførebygging og gode rutinar for HMS.
Brannførebygging kan vere den beste forsikringa ein gardsbrukar nokon gong vel.
Gode rutinar for helse, miljø og tryggleik bidreg til å gjere garden til ein trygg arbeidsplass.