Gode rutinar for helse, miljø og tryggleik bidreg til å gjere garden til ein trygg arbeidsplass, ein trygg stad å bu, og ikkje minst heng det godt saman med lønnsamheita på garden.
Kvart år skjer det fleire tusen ulykker på gardar rundt i Norge. Dei fleste ulykker kan unngåast med gode rutinar.
Det har den siste tida vore ei auke av brannar som startar i solcelleanlegg. Mangelfull dokumentasjon og feil montering er vanlege årsaker. Vi anbefaler alle som har solcelleanlegg, eller som skal anskaffe eit, å gå gjennom dokumentasjonen. Om det er manglar eller feil, bør du få det retta.
Viktige sikkerheitstiltak
Ein viktig sikkerheitsfunksjon er DC-brytarane som slår av straumen i solcelleanlegget i tilfelle brann. Feil montering av denne brytaren kan føre til brannfare. DC-brytaren skal monterast på ei ikkje-brennbar plate for å avgrense skadene ved ein eventuell brann. Vi anbefaler også å ha brannslukkingsutstyr i nærleiken av solcelleanlegget.
Kva lurer andre på?
Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta? Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
Arbeidsinstruks for utføring av varme arbeid utgitt av Finans Norge eller tilsvarande instruks skal vere utfylt og signert før utføring av arbeidet. Arbeidsinstruks for varme arbeid finn du lengre ned på sidan eller på fgsikring.no.
Alt brennbart materiale i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere fjerna eller beskytta.
Opningar i golv, veggar og tak i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere tette.
Eigna slokkeutstyr i forskriftsmessig stand, minimum 2 stk. 6 kg/liter håndslokkeapparat skal vere lett tilgjengeleg. Ett håndslokkeapparat kan erstattast med brannslange påsett vatn fram til strålerøret.
Navngitt brannvakt skal kontinuerleg overvåke brannrisiko under arbeidet, i pausar og nødvendig tid etter at arbeidet er avslutta, minimum ein time. Utførande kan vere brannvakt der brannrisikoen vurderast som låg.
Brannvakt og utførande skal ha gyldig sertifikat for utføring av varme arbeider frå Norsk brannvernforening eller samarbeidande organisasjon i øvrige nordiske land.
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak: I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
Det er forbod mot bruk av open flamme på oppfôra og lufta tretak.
Ved bruk av open flamme på kompakte og øvrige tak som ikkje er nemnt i punkt over skal brennbar isolasjon vere beskytta med minst 30 mm ubrennbar isolasjon. Ved bruk av open flamme skal det vere ein sikkerheitsavstand på minst 60 cm til parapet, gesims, gjennomføringar, sluk og liknande som består av brennbare materialar.
Sikkerheitsforskriftene for bil er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av bilforsikring. Sikkerheitsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skader. Dersom du ikkje overheld, eller ser til at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringen dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du også finne i forsikringsavtalen din.
Her finn du sikkerheitsforskrifter for bil, bubil og veteranbil:
Tjuverisikring
Når køyretøyet blir forlate skal det vere lukka og låst.
Når køyretøyet blir forlate, skal gjenstandar oppbevarast i eit separat, låst bagasjerom eller tilsvande rom utan innsyn.
Delar av køyretøyet som midlertidig er avmontert, skal vere låst inne.
Ekstra dekk og felgar skal vere innelåst. I fellesgarasje skal ekstra dekk og felgar vere fastlåst til bygning.
Fastmontert utstyr skal vere montert slik at det ikkje kan fjernast utan bruk av verktøy eller nøkkel.
Skiboks, sykkel- eller skistativ skal vere fastmontert og låst.
Nøklar
Når bilen vert forlate skal nøklar oppbevarast adskilt frå denne og på ein slik måte at dei ikkje kan bli nytta av uvedkomande.
Eigar/rettmessig brukar skal ha tilsyn med nøklar som ikkje er i bruk eller sørgje for at desse er innelåst i bygning.
Bil med elektronisk startsperre skal utan unødig opphald få denne omprogrammert dersom nøklar er komne på avveg.
Sikring av førar og passasjer
Førar og passasjer skal bruke sikkerheitsbelte og annan påboden sikring.
Bilen skal vere utstyrt med minst ein godkjent refleksvest, lett tilgjengeleg frå førarplassen.
Førarkort/førarrett
Føraren av bilen skal ha gyldig førarkort/førarrett for bil.
Elev og følge skal oppfylle gjeldande føreskrifter om øvelseskøyring.
Utrustning, overbelastning, vedlikehald og reparasjonar Bilen skal vere utrusta slik at det er i trafikksikker stand og skal ikkje overbelastast.
Bilen skal vedlikehaldast etter fabrikanten/leverandøren sine tilrådingar og etter gjeldande føreskrifter i lov/forskrift*.
Serviceintervall skal overhaldast. Dersom dokumentasjon for vedlikehald ikkje kan fremskaffast, blir sikkerheitsforskrifta ansett som overtrådd.
Bilen sitt kjølesystem skal vere påfylt tilstrekkeleg frostvæske/kjølevæske.
Reparasjonar skal utførast av godkjent verkstad.
Bruk
Last skal sikrast forsvarleg slik at den ikkje kan forskyve seg, falle av eller rase ut.
Sikring mot fukt og vasskader - Gjeld for deg med bubil
Bubilen/tilbygget skal vere tilstrekkelig oppvarma for å unngå frostskadar.
Sikra skal sørgje for at det årleg blir gjennomført og bestått fuktkontroll hos autorisert caravanforhandlar.
Når fuktkontroll er bestått skal du ha ein godkjent fuktrapport.
Utgifter til rettsbehandling Sikra skal ved eventuell dekning av utgifter til sakkyndige som ikkje er oppnemnt av retten innhente førehandsgodkjenning frå forsikringsselskapet.
Saksomkostningar ved forlik Sikra skal ved eventuell inngåing av avtale om saksomkostningar ved forlik innhente førehandsgodkjenning frå forsikringsselskapet.
Oppvarming og sikring mot vasskadar Bubilen/tilbygget skal vere tilstrekkelig oppvarma for å unngå frostskadar.
*Lov og forskrift som det visast til i sikkerheitsforskriftene, kan fås ved å kontakte oss.
Sikkerheitsforskriftene for hus og hytte er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av forsikringane. Sikkerheitsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skade. Dersom du ikkje overheld, eller ser til at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringa dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du òg finne i forsikringsavtalen din.
Her finn du ansvaravgrensingar og sikkerheitsforskrifter for hus og hytte:
Brann
Bustaden skal ha:
godkjente røykvarslarar som skal plasserast slik at dei tydeleg høyrast på soverom.
godkjent brannsløkkingsapparat eller husbrannslange som kan nå alle rom.
eigen fast elektrisk kurs beskytta med overspenningsvern og jordfeilbrytar på fast ladepunkt for elbil/hybridbil. Lading med ordinær stikkontakt skal i tillegg skje utan bruk av skøyteleidning og etter krava frå DSB.
Vatn Du må sørgje for:
at alle rom i bygninga er tilstrekkeleg oppvarma for å unngå frostskadar.
at hovudstoppekrana stengast og vasskranene opnast for å tømme røyra viss bygningen skal stå ubebodd i meir enn 7 dagar.
å ha vaskemaskin/oppvaskmaskin i rom med sluk eller ha innebygd stoppeventil.
Tjuveri-/innbruddssikring Du må sørgje for at bygningen må vere forsvarleg sikra mot tjuveri og hærverk. Dører, vinduer og andre opningar skal vere lukka og låst, ikkje i luftestilling. Nøklar skal oppbevarast slik at uvedkomande ikkje får tak i dei.
Bygningsarbeid, vedlikehald, reparasjonar og nye installasjonar Du må sørge for:
snømåking av tak, balkong og terrasse på bygning for å unngå skade.
at alt arbeid er utført etter gjeldande byggetekniske føreskrifter og om nødvendig meldt til og godkjent av offentleg myndigheit i henhold til plan- og bygningslova. Arbeida skal utførast i henhold til godkjente teikningar og materialbeskrivingar og med ansvarshavande som tilfredsstiller de krav til kompetanse som er stilt i godkjenninga.
at elektro- og VVS-arbeid er utført av autorisert eller godkjent handverkar.
at manglande takstein, løse beslag, synlege lekkasjar, feil og manglar skal utbetrast umiddelbart for å førebyggje skader.
Oljetankar Du må sørge for:
at oljetankar som takast ut av bruk, skal tømast for olje og gravast opp/fjernast. Påfyllingsanordninga skal fjernast slik at påfylling ikkje kan skje. Fjerning skal utførast av kvalifisert personell.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}