Sikkerheitsforskriftene for hus og hytte er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av forsikringane. Sikkerheitsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skade. Dersom du ikkje overheld, eller ser til at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringa dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du òg finne i forsikringsavtalen din.
Her finn du ansvaravgrensingar og sikkerheitsforskrifter for hus og hytte:
Brann
Bustaden skal ha:
- godkjente røykvarslarar som skal plasserast slik at dei tydeleg høyrast på soverom.
- godkjent brannsløkkingsapparat eller husbrannslange som kan nå alle rom.
- eigen fast elektrisk kurs beskytta med overspenningsvern og jordfeilbrytar på fast ladepunkt for elbil/hybridbil. Lading med ordinær stikkontakt skal i tillegg skje utan bruk av skøyteleidning og etter krava frå DSB.
Vatn
Du må sørgje for:
- at alle rom i bygninga er tilstrekkeleg oppvarma for å unngå frostskadar.
- at hovudstoppekrana stengast og vasskranene opnast for å tømme røyra viss bygningen skal stå ubebodd i meir enn 7 dagar.
- å ha vaskemaskin/oppvaskmaskin i rom med sluk eller ha innebygd stoppeventil.
Tjuveri-/innbruddssikring
Du må sørgje for at bygningen må vere forsvarleg sikra mot tjuveri og hærverk. Dører, vinduer og andre opningar skal vere lukka og låst, ikkje i luftestilling. Nøklar skal oppbevarast slik at uvedkomande ikkje får tak i dei.
Bygningsarbeid, vedlikehald, reparasjonar og nye installasjonar
Du må sørge for:
- snømåking av tak, balkong og terrasse på bygning for å unngå skade.
- at alt arbeid er utført etter gjeldande byggetekniske føreskrifter og om nødvendig meldt til og godkjent av offentleg myndigheit i henhold til plan- og bygningslova. Arbeida skal utførast i henhold til godkjente teikningar og materialbeskrivingar og med ansvarshavande som tilfredsstiller de krav til kompetanse som er stilt i godkjenninga.
- at elektro- og VVS-arbeid er utført av autorisert eller godkjent handverkar.
- at manglande takstein, løse beslag, synlege lekkasjar, feil og manglar skal utbetrast umiddelbart for å førebyggje skader.
Oljetankar
Du må sørge for:
- at oljetankar som takast ut av bruk, skal tømast for olje og gravast opp/fjernast. Påfyllingsanordninga skal fjernast slik at påfylling ikkje kan skje. Fjerning skal utførast av kvalifisert personell.
Last ned som PDF: