landbruksdriftsbygning i brann og brannmann som jobbar med å sløkke

KUNDEFORDEL

Brannvarsling i landbruket

Å varsle eit branntilløp tidleg er avgjerande for om menneske, dyr og bygningar kan reddast frå ein katastrofe. Vi har som mål å varsle brann tidleg og redusere talet på brannar. 

Godkjent brannalarmanlegg gir 20 % forsikringsrabatt*
Reduserer sjansen for at liv går tapt

Viktig med riktig sikring

Mange alvorlege brannar rammar landbruket kvart år, der både menneskeliv og dyreliv går tapt. Det viktigaste du kan gjere for å unngå at ein brann begynner på garden din er å ha god kontroll på det elektriske anlegget. Skulle det imidlertid oppstå brann, er det heilt avgjerande at du får tidleg varsel.

På grunn av det tøffe miljøet i ein driftsbygning vil vanlege detektorar feile etter kort tid. Støv, fukt og ammoniakkgassar er berre nokre element ein må ta hensyn til. Difor er det viktig at du har riktig type brannalarm.

I forskriftene for velferd og hald av produksjonsdyr blir det stilt krav mellom anna til brannsikring, brannvarsling, brannsløkkingsutstyr og rømningsvegar. Når det gjeld brannvarsling, krevst det at bygningar som har dyr over eit visst tal skal ha installert brannvarslingsanlegg. For eksempel er det krav om brannalarmanlegg dersom ein har minst 30 storfe eller minst 10 hestar. Brannvarslingsanlegget må også etterkontrollerast og prøvast jamleg.

Tradisjonelle røykvarslarar toler ikkje å stå i fuktige, korrosive miljø som fjøs og drivhus. Då vil dei bli øydelagt etter kort tid. Der vil ein aspirasjonsdetektor oppdage røyk uansett miljø.

Ein aspirasjonsdetektor som for eksempel Elotec Aspect monterast i driftsbygningen og koplast til eit røyrsystem som ein festar i taket i fjøs, låve og korntørke. Avhengig av lengda på røyret, blir det bora fleire hol slik at luftgjennomstrøyminga i røyret blir riktig. I aspirasjonsdetektoren sit det ei vifte som sug luft gjennom røyret. Eit filter sørger for å filtrere vekk støvet og ei kondensflaske fjernar fuktigheita før lufta går inn i detektorkammeret. 

Det skal ta maks 60 sekund frå røyk kjem inn i enden av røyret til alarmen går. I aspirasjonsdetektoren står det eit filter som fjernar støv, fukt og smuss. Når lufta er fri for støv og fuktighet går lufta inn i sensorkammeret der luftablir analysert for røyk og går i alarm om det blir detektert røykpartiklar.

Ved køyring med traktor på låven eller ved spyling i fjøs eller melkerom må aspirasjonsdetektoren koble ut for ikkje å gi falsk alarm. Dette gjer ein enkelt ved å trykke på ein fjernkontroll som ein heng i traktoren eller på nøkkelknippet.

I garasjar, våningshus og andre bygningar vel ein optiske røykdetektorar eller varmedetektorar ut ifrå miljøet. Sjølve sentralen plasserast i våningshuset. Her har ein eit kodetablå som viser alle alarmer og hendingar. Sirene monterast i alle bustadhus og ute på veggen. I fjøset er det vanleg å montere blinklys for ikkje å stresse dyra unødvendig ved alarm.

  • Det hjelper lite om det er installert brannalarm i driftsbygningar viss ein er på tunet når alarmen går. 
  • Vårt forsikringsselskap stiller krav til at brannalarmar som blir brukte i landbruket skal vere tilkobla ein GSM utringar, som sørger for at dei på garden får eit varsel på mobiltelefon i tillegg.
  • EloRa EloTemp-sensorane til Elotec varslar deg på SMS/mail ved unormale temperaturendringar. Det betyr at dersom alarmen går kan du ringe elektrikaren og få feilen fiksa, før det begynner å brenne. Då har du full kontroll også mellom el-kontrollane og kan oppdage brannfare før det er for seint.

Det er viktig å hugse at også bustadhuset på garden bør utstyrast med brannalarmanlegg. Her kan vi anbefale eit trådlaust brannalarmanlegg som er godkjent etter EN-54 standarden. Det kan enkelt tilpassast alle typar bustadbygg utan å vere verken fordyrande eller gå ut over sikkerheita. Med dette systemet kan du få eit skreddarsydd brannalarmanlegg etter TEK-17, utan å trekke ein einaste kabel.

*Brannalarmanlegg godkjent etter NS3960, tillegg B gir 20 % rabatt.

Trygg og sikker gardsdrift

Å vere bonde er eit av dei mest ulykkesutsatte yrka i Norge. Kvart år skjer fleire tusen ulykker. Klarer vi å ta vare på og beskytte verdiane på garden gjennom skadeførebygging og gode rutinar, legg vi til rette for ei tryggare og meir berekraftig gardsdrift. 

Sjå kva du kan gjere for å redusere risikoen for skadar på garden.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }