landbruksdriftsbygning i brann og brannmann som arbeider med å slukke

Tips og råd

Brannførebygging i landbruket

Som gardsbrukar står du ikkje berre i fare for å miste heimen, men òg arbeidet og dyra dine. Å drive brannførebygging kan difor vere den beste forsikringa du nokon gong vel.

Er du førebudd?

Brannar i landbruket er eit stort problem og særleg når driftsbygningar med dyr eller bustader blir ramma. Ofte er òg brannar på gardsbruk prega av lang utrykkingstid og avgrensa tilgang på slukkevatn. Dette fører ofte til at slike brannar gjer ekstra stor skade.

Det er ikkje alt du kan førebu deg på og beskytte deg mot, men brannførebyggande tiltak og planlegging er viktig. Det kan både bidra til å redusere risiko for brann og å minimere skaden om ulykka først skulle skje. 

Brannstatistikk i landbruket 2023

I 2023 vart det registrert totalt 101 brannar i driftsbygningar og 155 bustadsbrannar på gardsbruk, der erstatninga var over 100.000 kr. Totalt gjekk verdiar for over 560 millionar kroner tapt. Det er registrert totalt 6 brannar i 2023 der til saman 7.871 dyreliv har gått tapt. Hovudårsaka til brannane er elektrisk installasjon og utstyr.

Kjelde: Landbruket sin brannvernkomité

Kva kan eg gjere for å sikre garden mot brann?

Uansett kor trygt du driv garden din er det ingen garanti mot brann, men det er mykje du kan gjere for å ta ned brannrisikoane og gjere garden din tryggare.

Sjekk av el-skap og elektrisk utstyr

Ein stor prosentdel av brannar oppstår i elektriske anlegg, sikringsskap eller i laus elektrisk utstyr. Vi anbefaler difor å sjekke sikringsskapa dine regelmessig. Her er ei sjekkliste for el- og sikringsskap du bør gå gjennom regelmessig:

  • Stram til sikringane om du har skrusikringar i sikringsskapet, og vurder å byte ut sikringane til dagens standard.
  • Hald alltid dørene til sikringsskap og el-skapa lukka. 
  • Test jordfeilbrytaren regelmessig. Om du ikkje har jordfeilbrytar, kontakt ein elektrikar om kva type jordfeilbrytar som er rett for garden din.
  • Om du ikkje har eit overspenningsvern i sikringsskapet, tilrår vi at du installerer det. Jo meir utsett garden din er for lyn og torden, jo viktigare er det å ha eit fungerande overspenningsvern.
     

Fester duvarmesensorar i el-skapa dine gir vi deg 10 % rabatt på forsikring.


Sjekk elektrisk utstyr og leidningar

  • Sjå etter svimerker i støpslar, leidningar, kontaktpunkt, lamper og anna elektrisk utstyr. Kontakt elektrikar om du finn feil eller avvik. 
  • Ta ut støpselet av utstyr som ikkje er i bruk, som til dømes sveiseapparat, høgttrykksspylar, varmelamper, ladarar o.l.
  • Ei skjøyteledning er midlertidig løysing, og det fins eigne typar for utandørs bruk. Om det blir ei permanent løysing må du få elektrikar til å legge opp nytt punkt eller ein ny kurs.
  • Få ein godkjend el-kontrollør til å gjennomføre ein sjekk av det elektriske anlegget på garden. Kor ofte det skal kontrollerast varierer frå gard til gard. Du kan sjå nettsidene til FG-kontroll for kva som gjeld for din gard. 
     

Om du gjennomfører ein el-kontroll med termografering på garden gir vi deg 20 % rabatt på forsikringa.

Sjølvantenning i fôr

Branntilløp i høy, halm og anna organisk materiale er ei kjent og frykta årsak til brann i driftsbygningar. Dette bør du gjere for å ta ned risikoen for varmeutvikling i fôret:

  • Hald den relative fuktigheita i fôret under 16 %. Ver nøye med tørkeprosessen før fôret lagrast. Sjølv om fôret er tørt ved lagringa, kan regn frå eit utett tak eller vegg på driftsbygninga vere nok til å bringe fuktigheita i fôret til eit nivå som kan føre til at bakteriar byrjar å utvikle varme. 
  • Strø salt i tørrhøyet. Saltet bind vatnet i høyet på ein slik måte som gjer at bakteriane ikkje kan utnytte det i si utvikling. 
  • Det er viktig å overvake temperaturen i lageret. Temperaturmålar som ligg inne i høy-/halmlageret kan avsløre om varmeutviklinga har kome i gang. Det er ofte betre med fleire små fôrlager enn eitt stort. Problemet i større lager kan vere å «finne» staden der prosessen startar, for eksempel ved ein taklekkasje.
     

Har du temperatursensorar i eksempelvis plansilo eller korntørranlegget, gir vi deg 10 % rabatt på forsikringa.

Parkering av køyretøy

Traktorar og arbeidsmaskiner kan byrje å brenne medan dei står parkert inne i ein bygning, sjølv med motoren avslått. Resultatet blir ofte totalskader både på bygning og arbeidsmaskiner. Du bør ha rutiner for korleis du kan hindre slike brannar:

  • For køyretøy med hovudstraumbrytar skal golvet i garasje/parkeringsstad vere tett og ha ubrennbar overflate. Kravet gjeld arealet under traktoren og ein meter utanfor. 
  • Skru alltid av hovudstraumbrytaren etter du har parkert maskinene dine. 
  • For køyretøy som ikkje har hovudstraumbrytar, krevst det at heile golvet i garasjen skal vere tett og ha ubrennbar overflate. Vurder om du kan ettermontere hovudstraumbrytar. Vi har til dømes sett mange brannar i kompaktlastarar.
  • Hugs at det er påbode å ha minst eitt brannsløkkingsapparat i garasjen.

Med sensor som overvakar temperaturen på arbeidsmaskinene gir vi deg 10 % rabatt på forsikringa.

Arbeid med varme

Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr.

Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.

Planlegging

Om ulykka først er ute er det viktig at du har ein plan for kva de gjer i tilfelle brann. Dette bør alle på garden øve på slik at alle veit kva ein gjer om det verste skulle skje. 

Ting du må tenkje på:

  • Raskaste veg ut og alternative utgangar om raskaste veg ut ikkje er tilgjengeleg.
  • Plassering av slukkeutstyr. Veit alle kvar det er, og er det lett tilgjengeleg?
  • Kan alle på garden nytte slukkeutstyret riktig?
  • Kan du gjere noko for å minimere skaden før brannvesenet kjem, utan å setje deg sjølv og andre i fare?
  • Vi anbefaler at du heng opp eit plankart ved inngangen til fjøsen. Dette gjer det lettare for brannvesenet å orientere seg når dei kjem, og dei kan arbeide meir effektivt.

Generell brannførebygging

Gjer det til ei vane å teste røykvarslarar kvar månad og bytte batteri kvart år på Røykvarslaren sin dag, 1. desember. 

Eit brannalarmanlegg gjer det meir sannsynleg at eit branntillaup vert sløkt før større skade oppstår. Har du over 30 dyr er du pliktig til å ha varslingsanlegg, men vi anbefaler at alle vurderer å investere i eit anlegg uansett storleik på produksjonen. Sørg for å ha jamleg kontroll av brannalarmanlegget. Mattilsynet utarbeider regelverk for brannsikring på gardar med dyrehald. 

Slukkeutstyr som brannteppe, slukkeskum og brannslukkingsapparat er enkelt å få tak i. Sørg for at du har riktig og nok utstyr. Det er også viktig at du veit korleis utstyret skal plasserast og når og korleis det skal vedlikehaldast.

Rot og boss som ligg og sleng kan bidra til at ein brann sprer seg raskare. Hald driftsbygning og andre område på garden ryddig. God skadedyrkontroll er viktig sidan rotter og mus kan øydeleggje det elektriske anlegget og føre til brann. 

Brannførebygging som gir rabatt på forsikringa

20 % rabatt

for el-kontroll medtermografering

20 % rabatt

for FG-godkjente brannalarmar og varslingssystem

10 % rabatt

med skadeførebyggande sensor installert


Brannar i solcelleanlegg

Det har den siste tida vore ei auke av brannar som startar i solcelleanlegg. Mangelfull dokumentasjon og feil montering er vanlege årsaker. Vi anbefaler alle som har solcelleanlegg, eller som skal anskaffe eit, å gå gjennom dokumentasjonen. Om det er manglar eller feil, bør du få det retta.

Viktige sikkerheitstiltak
Ein viktig sikkerheitsfunksjon er DC-brytarane som slår av straumen i solcelleanlegget i tilfelle brann. Feil montering av denne brytaren kan føre til brannfare. DC-brytaren skal monterast på ei ikkje-brennbar plate for å avgrense skadene ved ein eventuell brann. Vi anbefaler også å ha brannslukkingsutstyr i nærleiken av solcelleanlegget. 

Tryggleik er eit resultat av god førebuing.

Uansett kor førebudd ein er, kan ulykka likevel vere ute. Då er det godt at nødetatane også øver spesifikt på brann i fjøs. Vi fekk vere med når vår samarbeidspartner Mære landbruksskole hadde storøving på brann i fjøset. 

Video placeholder image

Hugs å forsikre både bustad- og driftsbygg

Forsikring for landbruksbygg dekkjer små til store landbruksbygg, driftsbygg og lokale for dyrehald. Forsikring dekker skade som skuldast bl.a. brann, men kan òg utvidast til å dekke nedetid etter skade (avbrot-/driftstap).

Husforsikring dekker bustaden og gir erstatning slik at du kan reparere eller bygge eit nytt dersom det skal skje noko. Du kan velje mellom topp og standard. Standard dekker det meste du treng, men toppforsikringa har litt fleire fordelar.

Meir informasjon om brannvern

  • Norsk brannvernforening er ei ideell, uavhengig stifting som er opptatt av brannvern for alle.
  • Landbrukets brannvernkomité er eit samarbeid mellom sentrale aktørar innan landbruksnæringa, brann- og bygningsmyndigheitene og forsikringsnæringa. Komiteen arbeider for å førebygge og avgrense omfanget av brannar i landbruket.
  • I brann- og eksplosjonsvernloven finn du ei oversikt over privatpersonar og verksemder sine plikter når det gjeld brannvern.
  • Sikker kvardag frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har fleire temasider med tips under temaet Brann.
     
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }