Kva er sikkerheitsforskrifter for bil?

Sikkerheitsforskriftene for bil er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av bilforsikring. Sikkerheitsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skader. Dersom du ikkje overheld, eller ser til at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringen dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du også finne i forsikringsavtalen din. 

Her finn du sikkerheitsforskrifter for bil, bubil og veteranbil:

Tjuverisikring

  • Når køyretøyet blir forlate skal det vere lukka og låst.
  • Når køyretøyet blir forlate, skal gjenstandar oppbevarast i eit separat, låst bagasjerom eller tilsvande rom utan innsyn.
  • Delar av køyretøyet som midlertidig er avmontert, skal vere låst inne.
  • Ekstra dekk og felgar skal vere innelåst. I fellesgarasje skal ekstra dekk og felgar vere fastlåst til bygning.
  • Fastmontert utstyr skal vere montert slik at det ikkje kan fjernast utan bruk av verktøy eller nøkkel.
  • Skiboks, sykkel- eller skistativ skal vere fastmontert og låst.

Nøklar

  • Når bilen vert forlate skal nøklar oppbevarast adskilt frå denne og på ein slik måte at dei ikkje kan bli nytta av uvedkomande.
  • Eigar/rettmessig brukar skal ha tilsyn med nøklar som ikkje er i bruk eller sørgje for at desse er innelåst i bygning.
  • Bil med elektronisk startsperre skal utan unødig opphald få denne omprogrammert dersom nøklar er komne på avveg.

Sikring av førar og passasjer

  • Førar og passasjer skal bruke sikkerheitsbelte og annan påboden sikring.
  • Bilen skal vere utstyrt med minst ein godkjent refleksvest, lett tilgjengeleg frå førarplassen.

Førarkort/førarrett

  • Føraren av bilen skal ha gyldig førarkort/førarrett for bil. 
  • Elev og følge skal oppfylle gjeldande føreskrifter om øvelseskøyring. 

Utrustning, overbelastning, vedlikehald og reparasjonar
Bilen skal vere utrusta slik at det er i trafikksikker stand og skal ikkje overbelastast.

  • Bilen skal vedlikehaldast etter fabrikanten/leverandøren sine tilrådingar og etter gjeldande føreskrifter i lov/forskrift*.
  • Serviceintervall skal overhaldast. Dersom dokumentasjon for vedlikehald ikkje kan fremskaffast, blir sikkerheitsforskrifta ansett som overtrådd.
  • Bilen sitt kjølesystem skal vere påfylt tilstrekkeleg frostvæske/kjølevæske. 
  • Reparasjonar skal utførast av godkjent verkstad.

Bruk

  • Last skal sikrast forsvarleg slik at den ikkje kan forskyve seg, falle av eller rase ut.

Sikring mot fukt og vasskader - Gjeld for deg med bubil

  • Bubilen/tilbygget skal vere tilstrekkelig oppvarma for å unngå frostskadar.
  • Sikra skal sørgje for at det årleg blir gjennomført og bestått fuktkontroll hos autorisert caravanforhandlar.
  • Når fuktkontroll er bestått skal du ha ein godkjent fuktrapport.

Utgifter til rettsbehandling
Sikra skal ved eventuell dekning av utgifter til sakkyndige som ikkje er oppnemnt av retten innhente førehandsgodkjenning frå forsikringsselskapet.

Saksomkostningar ved forlik
Sikra skal ved eventuell inngåing av avtale om saksomkostningar ved forlik innhente førehandsgodkjenning frå forsikringsselskapet.

Oppvarming og sikring mot vasskadar
Bubilen/tilbygget skal vere tilstrekkelig oppvarma for å unngå frostskadar.

*Lov og forskrift som det visast til i sikkerheitsforskriftene, kan fås ved å kontakte oss.

 

Last ned som PDF:

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }