Kassekreditt
Med kassekreditt kan bedrifta dekke utgifter som må betalast før inntektene kjem inn på konto.
Med kassekreditt kan bedrifta dekke utgifter som må betalast før inntektene kjem inn på konto.
Aksjeselskap søker om kassekreditt på knappane ovanfor.
Enkeltpersonføretak søker her
Kassekreditt, eller driftskreditt som det òg kallast, er den vanlegaste finansieringsforma for bedrifter.
Kassekreditt passar best for bedrifter som har varelager eller sel varer og tenester på kreditt.
Hensikta med ein kassekreditt er er å dekke likvidietsgapet som ofte oppstår når kostnadene kjem før inntektene. Viss du skal investere i eigedom, køyretøy eller utstyr, er bedriftslån eller leasing truleg betre alternativ.
Aksjeselskap som har nettbank bedrift hos oss, kan logge inn og søke kassekreditt her.
Har ikkje aksjeselskapet nettbank bedrift? Då søker du her. Merk at du må identifisere deg med BankID.
Viss du har eit enkeltpersonføretak kan du søke om kassekreditt her.
Ein kassekreditt betaler du for i form av renter og provisjon. Du betaler renter berre for den delen av kredittramma du faktisk bruker. I tillegg betaler du ein låg prosenantdel i provisjon av innvilga låneramme.
Renta på kassekreditt blir vurdert individuelt. Kva rente du får kjem mellom anna an på kva du skal låne pengar til, kva sikkerheit du kan stille, rekneskapstal som lønnsemd, andel eigenkapital og likviditet, alderen til bedrifta og historikk i banken.
Dersom bedrifta er i ein bransje med store sesongvariasjonar, som medfører periodar med auka innkjøp eller utgifter, kan du søke om tilleggskreditt, eller sesongkreditt som det ofte kallast. Bedrifta kan då få auka låneramma for ein kortare periode, fram til innbetalingar kjem .
Ved varig auke i aktivitet kan vi vurdere å auke kassekredittbeløpet meir langsiktig.
Ja, for å få kreditt eller lån i banken, må du som ein hovudregel stille sikkerheit. Jo betre sikkerheit du kan stille, jo betre vilkår kan vi gi.
Ved tildeling av kassekreditt tar vi ofte pant i kundefordringar, varelager, driftstilbehøyr, fast eigedom eller kausjon.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium