Bedriftslån

Skal du investere i eigedom, maskiner eller utstyr som bidrar til verdiskaping i bedrifta di? Då er bedriftslån det riktige for deg.

Ei arbeidsdame på jobb i eit industribygg
Det beste lånet når du treng langsiktig finansiering.
Passar for å investere i eigedom, maskiner og utstyr.

Bedriftslån, kassekreditt, leasing – kva er riktig for deg?

Kva slags type lån du bør ta, kjem an på kva du skal bruke det til. Treng du for eksempel lån til å utbetale lønn eller leigekostnadar, er kassekreditt det beste.

Renter og vilkår

  • Rente og vilkår blir sett ut frå bedrifta si betalingsevne og sikkerheit.
  • Når lånet er klart, kjem heile beløpet inn på bedriftskontoen.
  • Nedbetalingstida bør ikkje vere lengre enn den økonomiske levetida til det som blir finansiert.

Lurer du på kva rente bedrifta di kan få? 

Verdt å vite når du skal søke bedriftslån 

For at vi skal kunne vurdere lånesøknaden, må du legge ved både budsjett og rekneskap. Nystarta bedrifter som ikkje har noko rekneskap å vise til, legg ved budsjett. 

Bedrifta må stille sikkerheit for lånet.

Finansiering tilpassa behovet til bedrifta

Dei fleste bedrifter treng finansiering frå tid til annan. Kva finansieringsform som passar best, kjem an på økonomien i bedrifta og kva du skal investere i. Visste du at leasing kan vere eit godt alternativ til lån, viss du skal kjøpe køyretøy eller utstyr?

Ofte stilte spørsmål

Lurer du på kva type finansiering du skal velje?