Kor lang nedbetalingstid er det på bedriftslån?

Nedbetalingstida heng saman med kva du låner pengar til. Både verdien av det du kjøper og kor fort den går ned påverkar nedbetalingstida. Til dømes er nedbetalingstida på fast eigedom ofte opp mot 20 år, medan køyretøy og utstyr har kortare nedbetalingstid. Nedbetalingstida bør ikkje overstige den økonomiske levetida til det du låner pengar til.