Kva kostar ein kassekreditt?

Ein kassekreditt betaler du for i form av renter og provisjon. Du betaler renter berre for den delen av kredittramma du faktisk bruker. I tillegg betaler du ein låg prosenantdel i provisjon av innvilga låneramme. 

Renta på kassekreditt blir vurdert individuelt. Kva rente du får kjem mellom anna an på kva du skal låne pengar til, kva sikkerheit du kan stille, rekneskapstal som lønnsemd, andel eigenkapital og likviditet, alderen til bedrifta og historikk i banken.