Byggherreforsikring
Har du ansvarsforsikring hjå oss kan du utvide med byggherreforsikring. Forsikringa dekkjer det ansvaret du som byggherre kan få, for fysisk skade på person eller gjenstand.
Har du ansvarsforsikring hjå oss kan du utvide med byggherreforsikring. Forsikringa dekkjer det ansvaret du som byggherre kan få, for fysisk skade på person eller gjenstand.
Byggherreansvaret dekkjer rettsleg erstatningsansvar du som byggherre kan få for skade på tredjepart. Byggherreansvaret er eit strengt ansvar viss det skjer ein skade på byggeplassen eller på naboeigedomen.
Byggherreforsikring sikrar at drifta di kan fortsette viss du som byggherre blir ansvarleg for skader på tredjepart og får eit erstatningskrav retta mot deg.
Dekningar | Byggherreansvar |
Rettsleg erstatningsansvar som byggherre kan få for skade påført ein tredjepart | ✔ |
Byggherreansvaret er eit strengt ansvar som kan springe ut av ulike grunnlag, som for eksempel Byggherreforskrifta, Nabolova, alminneleg erstatningsrett eller Norsk Standard.
Byggherren har òg eit objektivt ansvar for skader som entreprenørane ikkje kan lastast for. Dette inneber at dersom ei skade eller ulykke inntreff, og entreprenøren ikkje har vore uaktsam eller ikkje kan lastast, vil kravet rettast mot byggherren.
For enklare å forstå korleis forsikringa kan nyttasr, viser vi her eit par tenkte skadeeksempel der byggherreforsikring er avgjerande:
Forsikringa gjeld for det føretaket som er nemnd i forsikringsbeviset.
Forsikringa gjeld skade som vert konstatert i forsikringstida.
Byggherreansvarsforsikring er ei tidsbestemt forsikring, ikkje ei årsforsikring. Den kjøpast for heile byggeprosjektet sin planlagde varigheit.
Forsikringa dekkjer skader som vert konstatert innan 1 år etter forsikringstida opphøyrer, forutsatt at skaden skjedde i forsikringstida.
Forsikringa gjeld i Norden.
I tillegg til byggherreansvar må byggherre og forsikre seg med miljøforsikring. Fleire av dei tradisjonelle Norsk Standard-kontraktene legg no opp til at både entreprenør og byggherre har eit erstatningsansvar viss det oppstår miljøskade i samband med entreprisearbeid.
Etter NS8405 pkt. 42.3 er både byggherre og entreprenør ansvarleg for miljøskade.
Prosjektforsikring (entreprenørforsikring) er skreddarsydd for entreprenør og byggherre for å sikre verdiane knytt til bygg- og anleggsplassar.
Normalt er det entreprenøren som etter Norsk Standard er pålagd å kjøpe entreprenørforsikring. Då har vanlegvis ikkje byggherre behov for å kjøpe eiga entreprenørforsikring.
Nokre gonger er det likevel aktuelt for byggherre å kjøpe entreprenørforsikring på prosjektet. Dette kan for eksempel vere viss byggherre sjølv direkte engasjerer entreprenørar, og byggherre ønskjer å forsikre seg om at prosjektet er forsikra. Då er det viktig å avklare med entreprenør kven som har forsikringsansvaret.
Vi kan skreddersy forsikringa slik at entreprenør er forsikringstakar og byggherre medforsikra for det hen tilfører prosjektet - og omvendt, men dette må avtalast med forsikringsrådgjevar slik at det står i forsikringsbeviset.
Har du allereie byggherreforsikring hjå oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, om du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta?
Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør
Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak:
I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
Åpne/last ned dokumenter i PDF
Jobbar du som handverkar bør du forsikre deg sjølv, dine tilsette, bedrifta sine største eigedelar og sjølve jobben de gjer. Enten du driv som tømrar/snekkar (i eit tømrarfirma), rørleggar, elektrikar eller entreprenør/byggmeister, er det nokre forsikringar du må ha, nokre du bør ha og nokre du kan ha.
Typisk for ein del handverksbedrifter er at dei har tilsette med eigne bilar (med mykje dyrt verktøy) som utfører oppdrag innan sine fagfelt. Brukar vi dette som utgangspunkt er dette forsikringane vi tilrår bedrifta og dei tilsette:
Bedriftsforsikringar | Må ha | Bør ha | Kan ha |
Yrkesskade For bedrifter med tilsette |
✔ | ||
Bil/varebil Du kan velje mellom ansvar, delkasko, kasko og toppkasko. |
✔ | ||
Ansvar - Dekker bedrifta økonomisk og juridisk, ved rettsleg erstatningsansvar |
✔ | ||
Lausøyre/eigedelar - Dekker m.a. bedrifta sine verktøy, maskiner og utstyr |
✔ | ||
Prosjekt (også kalla entreprenørforsikring) - Sikrar verdiane på ein byggeplass |
✔ | ||
Avbrotstap/driftstap - Dekker tap som skuldast driftsstans pga. skade |
✔ | ||
Helse/behandling - Kan hjelpe dei tilsette raskare tilbake i jobb |
✔ | ||
Cyber - Teknisk IT-hjelp ved datainnbrot |
✔ | ||
Gruppeliv - Gir familien økonomisk hjelp viss den tilsette dør |
✔ | ||
Reise - Kan dekke dei tilsette både på jobb- og fritidsreiser |
✔ | ||
Utvida yrkesskade Fritidsulykke Annan sjukdom |
✔ ✔ |
Viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller freelancer er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring. Sjølv om det ikkje er pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring kan du framleis bli utsett for yrkesskader, som kan få store konsekvensar både personleg og for bedrifta di.
Vareforsikring blir tilbydd i hovudsak i to variantar. Varer på lager blir forsikra med ei varelagerforsikring, medan varer som sendast kan bli forsikra med transportforsikring eller godsansvarsforsikring.
Forsikring av varelager
Hvis du for eksempel driv innan varehandel, kan du forsikre varebehaldninga di med ein lausøyreforsikring (også kalla bedrifta si innbuforsikring eller eigedomsforsikring). Du kan velje mellom Brann, Standard eller Topp, og du kan tilpasse forsikringa til bedrifta sitt behov, med tilleggsforsikringar for eksempelvis frysevarer, kjølevarer, tank osv. Du kan også forsikre auka av varebehaldninga i delar av året – for eksempel i samband med sommarferien, jul og påske.
Les meir om lausøyreforsikring.
Forsikring av varer som blir transporterte
Om du fraktar eigne varer, tilbyr vi transportforsikring. Vi tilbyr både transportforsikring av enkeltforsendingar og årsavtalar, avhengig av ditt behov. Dekker økonomisk tap viss varer blir skada eller borte under transport. Forsikring kan utvidast til å òg dekke avbrotstap, termoklausul og vrakfjerning.
Les meir om transportforsikring.
Om du fraktar andre sine varer og har forsikra lastebilen hos oss, tilbyr vi godsansvarsforsikring. Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret som eigar av køyretøyet eller sjåfør har for skade på varer og gods, samt forsinka leveranse. Erstatningsberekninga følger reglane i lov om vegfraktlova.
Les meir om godsansvarsforsikring.
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?