Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?