Bustadlånskalkulator
Bustadlånskalkulatoren vår gir deg ei utrekning på kor mykje du kan få i bustadlån, og kva lånet vil koste i månaden. Du kan også bruke bustadlånskalkulatoren som ein nedbetalingskalkulator.
Bustadlånskalkulatoren vår gir deg ei utrekning på kor mykje du kan få i bustadlån, og kva lånet vil koste i månaden. Du kan også bruke bustadlånskalkulatoren som ein nedbetalingskalkulator.
Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.775.115 kr. Effektiv rente er 5,91 % og månadleg terminbeløp 12.575 kr Føreset pant i bustad.
Bustadlånskalkulatoren gir deg ein indikasjon på kor mykje du kan låne. Det er fleire ting som påverkar kor mykje akkurat du kan få i lån.
Å sende inn ein lånesøknad tar berre eit par minutt, forpliktar ikkje til noko, og er sjølvsagt heilt gratis.
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Når vi får ein søknad om finanseringsbevis får du normalt sett svar etter 1-2 arbeidsdagar, men det kan variere mellom høg- og lågsesong. Med eit finansieringsbevis har du ei stadfesting på at du har fått innvilga lånet ditt, og er klar til å hive deg inn i bodrunden.
Finansieringsbeviset kan du enkelt finne i mobilbanken din. Hugs at du ikkje bør fortelje eigedomsmeklaren kor mykje du har fått i finansieringsbevis. Dette er forhandlingskortet ditt i bodrunden.
Sjå også
Kva er eit finansieringsbevis?
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Om du tar opp lån saman med nokon blir de ofte omtalt som medlåntakar og hovudlåntakar. De blir samskyldnarar for lånet. Enklare forklart: De har like stort ansvar for at lånet blir nedbetalt. Medlåntakaren er som oftast sambuar eller ektefelle.
Fordelen med ein medlåntankar er at du kan få eit større handlingsrom enn om du låner åleine. Når du tar opp bustadlån kan ikkje samla gjeld vere høgare enn 5 gonger inntekta di. Med to eller fleire låntakarar vil det vere den samla inntekta (og gjelda) som blir vurdert når lånesøknaden blir behandla.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Kva er forskjellen på medlåntakar og kausjonist?
Sjølv om styringsrente og bustadlånsrente ikkje er det same, heng dei tett saman. Viss Norges Bank set opp styringsrenta, kva betyr det for deg som har bustadlån?
Utlånsforskrifta, tidlegare kalla bustadlånsforskrifta, legg føringar for kor mykje du kan låne, mellom anna at du må ha 10 prosent eigenkapital.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium