Kva er serielån?

Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Avdraga er dei same, medan rentedelen av lånet blir mindre.

rekkehus

Korleis fungerer eit serielån?

Eit serielån er eit lån der terminbeløpet varierer. Sjølve avdraga er dei same, medan rentebeløpet endrar seg. 

I starten av nedbetalingsperioden er terminbeløpet større fordi du betaler meir i renter. Etter kvart som lånet blir betalt ned, blir terminbeløpa lågare.

Kven passar serielån for?

Eit serielån kan passa for deg som

  • låner langt mindre enn det låneevnen din tillèt, sidan dei totale rentekostnadene er lågare enn ved eit annuitetslån
  • har framtidsplanar som vil endre stabiliteten i økonomien din, som til dømes å gå av med pensjon innan lånet er nedbetalt

Viss du har råd til å halda fram med store innbetalingar gjennom heile låneperioden, kan det lønne det seg å heller velje eit annuitetslån med kortare løpetid.

Følg litt ekstra med på renteaukar

Når du har serielån, vil renteaukar påverke månadskostnadane meir enn viss du har eit annuitetslån.

Husk at viss du vel flytande rente, må du òg ta høgde for eventuell renteauke.


Kva lurer andre på?


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no