Fastrentelån

Med fast rente på bustadlånet er du garantert dei same låneutgiftene i lang tid framover.

Kvinne som ser inn i ein kikkert. Foto.
Sikrar deg mot rentehopp på bustadlånet i avtaleperioden.
Forutsigbare låneutgifter gjer det enklare å planlegge økonomien.
Du kan kombinere fast og flytande rente, og få eit meir fleksibelt lån.

Renter og vilkår

  • Bindingstid 3 år 4,75 % (4,89 % eff.)
  • Bindingstid 5 år 4,75 % (4,89 % eff.)
  • Bindingstid 10 år 4,75 % (4,89 % eff.)

 

Prisdøme: Lånebeløp 4 000 000 kr over 25 år, nom rente 4,75 % , eff .rente 4,89 %, kr, totalt 6 859 186 kr

Korleis fungerer fastrentelån?

Med fastrente på bustadlånet unngår du auka rentekostnader i den perioden du avtaler med banken. Renta på bustadlånet ditt held seg stabil, uansett om styringsrenta går opp eller ned. Du kan binda renta i 3, 5 eller 10 år. 

Avsluttar du lånet i bindingsperioden kan det medføre kostnader, og du kan ikkje auke eller nedbetale lånet som det passar deg. Ønsker du større handlingsrom, kan du velje å binde renta berre på delar av lånet.  


Fordelar og ulemper med fastrentelån

Fordelar

  • Du har stålkontroll på låneutgiftene dine kvar månad sjølv om styringsrenta skulle gå opp.
  • Det er mogleg å dele opp lånet i ein fast og ein flytande rentedel.
  • Du kan byte bustad og behalde fastrentelånet så lenge den nye bustaden har same verdi.
  • Vurder fastrentelån viss økonomien din er litt trong og du vil sikre deg mot uønskte renteoppgangar.

Ulemper

  • Går bustadrenta ned i avtaleperioden, får du ikkje nyte godt av rentenedgangen.
  • Eit fastrentelån er mindre fleksibelt, og du kan få ekstra kostnader viss du skulle få behov for å gjere endringar eller seie opp lånet før avtaleperioden er over. 
  • Ønsker du å gjere endringar eller gå ut av avtalen før bindingstida er over, kan du ende opp med å måtte betale ein sum til banken.

Byte til fastrentelån

Har du flytande rente på lånet ditt no, men ønsker å binde renta på heile eller delar av lånet? Gi oss beskjed, så hjelper vi deg gjerne med å endre lånet.

Har du lån i ein annan bank flyttar vi lånet for deg.  

Kva lurer andre på?



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no