Tips og råd
Tips og råd
Slik kjem du i mål med oppussinga
Oppussing startar gjerne med store draumar og mange planar. For nokon endar det opp med å vere meir stress enn gøy. Her er tipsa våre til å kome i mål med oppussingsdraumen.
Tips og råd
Oppussing startar gjerne med store draumar og mange planar. For nokon endar det opp med å vere meir stress enn gøy. Her er tipsa våre til å kome i mål med oppussingsdraumen.
Det er viktig å få ei oversikt over økonomien medan du framleis er tidleg i prosessen. Sjå kor mykje det er realistisk at du kan spare på førehand og kva moglegheiter du har for å eventuelt låne noko i tillegg.
Vi hjelper deg meir enn gjerne med å få oversikt over moglegheitene. Ta gjerne ein runde på planar og utgifter i forkant – jo meir du veit, desto lettare kan vi finne den beste løysinga saman.
For å finne ut kor mykje pengar du treng er det lurt å setje opp eit estimat på alle kostnadane.
Deler du opp prosjektet i fasar er det enklare å hugse på alt av små og store utgifter. Set du i tillegg opp ein tidsplan, får du ei oversikt over når du treng å ha pengane på konto.
Slik kan du redusere utgiftene:
Med eit oppussingprosjekt er det som regel store utgifter over lengre tid. Då er ein månadleg spareplan smart. Legg ein plan og sett av eit fast beløp kvar månad. Du kan heller spare meir i periodar du er ekstra motivert.
Set opp ein eigen konto til formålet, slik at du har full oversikt over kva du har tilgjengeleg og pengane ikkje blir brukt til andre ting.
Sjå kva for nokre lån som passar behovet ditt best.
Auk bustadlånet
Har de eit bustadlån frå før? Då kan den enklaste og rimelegaste løysinga vere å auke det eksisterande lånet.
Hugs at lånet framleis ikkje kan vere høgare enn 85 prosent av verdien på bustaden. Viss bustaden har stige i verdi sidan de tok opp lånet kan det vere lurt å få ei ny verdivurdering.
Byggelån
Skal de totalrenovere er byggelån eit alternativ. Byggelån har høgare rente enn bustadlån, men de betaler berre rente på det de har brukt så langt i prosjektet.
For å kunne låne meir pengar kan de prioritere det som bidreg til høgast verdiauke først.
Forbrukslån
For nokon kan eit forbrukslån vere tilstrekkeleg.
Forbrukslån er den dyraste løysinga, men det kan vere ei moglegheit om de ikkje kan bake lånet inn i eit eksisterande lån. Fordi renta er høg, bør du passe på å betale ned lånet raskt – elles blir det fort veldig dyrt.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium