Tips og råd
Tips og råd
Her finn du alt du treng å vite om gjeldsregisteret
Gjeldsregisteret gir deg full oversikt over kva du har i kredittkort- og forbruksgjeld. Slik kan du bruke oversikta til å ta smarte val for økonomien din.
Tips og råd
Gjeldsregisteret gir deg full oversikt over kva du har i kredittkort- og forbruksgjeld. Slik kan du bruke oversikta til å ta smarte val for økonomien din.
Gjeldsregisteret er ei oversikt over nordmenn si usikra gjeld. Det vil seie all kredittkortgjelda di, alle forbrukslån og kjøpekreditt du har. Målet med gjeldsregisteret er å førebygge betalingsproblem.
Med dette registeret har det blitt enklare for bankane å vurdere heile den økonomiske situasjonen din, og dermed forhindre at du lånar meir enn du har råd til. Det gir deg også god innsikt i og forståing for din eigen økonomi.
I gjeldsregisteret står mellom anna:
Du som har forbrukslån vil også sjå kor mykje du opphaveleg lånte, kor lenge du har igjen å betale på lånet og kor mykje du skal betale kvar månad.
Alle desse opplysningane hentast inn frå rundt 200 bankar og finansføretak som kan gi usikra lån. Informasjonen blir kontinuerleg oppdatert.
Bankane treng registeret for å hindre at du lånar meir enn du har råd til.
Norske hushaldningar ligg i verdstoppen i privat gjeld. Gjeldsregisteret skal vere med på å hindre at folk si gjeldsgrad held fram med å auke.
I gjeldsregisteret får du ei komplett oversikt over alle kredittar du har, enten dei er i bruk eller ikkje. Når banken vurderer økonomien din, er det størrelsen på kredittgrensa på kredittkortet ditt som tel – ikkje kor mykje du faktisk har brukt.
Med kredittgrensa meiner vi beløpet du har moglegheit til å bruke på kredittkortet ditt. Kredittgrensa er viktig å ha oversikt over, både for bankane og for deg. Viss du skulle hamne i en vanskeleg økonomisk situasjon vil vi ikkje risikere at du brukar all kreditt du har og gjer situasjonen verre.
Viss økonomien din ikkje toler at du brukar alle kredittgrensene du har, er det ingen som har lov til å låne deg meir pengar. Merk at du også skal tole ei renteauke på 3 prosent på alle låna dine, i tillegg til bustadlånet.
Gjeldsregisteret påverkar ikkje eksisterande lån, men er med i vurderinga neste gong du skal søke om lån eller utvide lånet du har.
Vi i SpareBank 1 brukar informasjon frå Norsk Gjeldsinformasjon AS, som er drive av Finans Norge.
Stortinget vedtok lova som gjorde at vi fekk eit gjeldsregister i Norge – den såkalla Gjeldsregisterlova.
Det å samle kreditten er ikkje så dumt. Vårt råd er å samle mest mogleg av kreditten i eigen bank, då har du oversikt over forbruket i mobilbanken.
Med eit bevisst forhold til kor mykje du har i kreditt, kor mykje du har brukt – og ikkje minst kva du har brukt den på – vil du få betre kontroll på eigen økonomi.
Visste du at du kan sjå alle forbrukslåna dine og kredittkort i mobilbanken og nettbanken hos oss, uavhengig av kva bank du har forbruksgjelda hos?
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium