dame sit på mobil og pc. foto

TIPS OG RÅD

Dette betyr utlånsforskrifta for deg

Utlånsforskrifta, tidligare kalt bustadlånsforskrifta, legg føringar for kor mykje du kan få i lån. Blant anna krevst det 10 % eigenkapital, og lånet kan ikkje vere meir enn fem gonger inntekta di.

Kva bestemmer utlånsforskrifta?

Sjå kor mykje du kan låne

Kor mykje du kan låne blir gjerne omtalt som belåningsgrad. Du kan låne maks 90 prosent av verdien på bustaden. Det betyr at du må ha 10 prosent eigenkapital når du skal kjøpe bustad.

Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.

Du kan låne meir viss du har kausjonist. Den vanlegaste forma for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i kausjonisten sin bustad.

Flexilån (rammelån) har eit eigenkapitalkrav på 40 prosent. 

Du kan ikkje låne meir enn fem gonger inntekta di. Med samla gjeld (gjeldsgrad) blir meint all gjeld  òg studielån, billån, forbrukslån, kredittkortgjeld og fellesgjeld. 

Skattefri inntekt blir tatt med i utrekninga av årsinntekt, så lenge du kan dokumentere den og at den er stabil over tid. Det betyr at inntekter frå utleige, barnetrygd og liknande blir inkludert i reknestykket.

Når du søker lån vil banken vurdere beteningsevna di. For at du skal få bustadlån må du tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. I praksis betyr dette at dersom du har bustadlånsrente på til dømes 6 prosent i dag, må økonomien din tole ei rente på minst 9 prosent.

Dette blir ofte omtalt som «rentestresstesten» eller «stressrenta». Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent 1. januar 2023. Den kan gjere at personar og familiar med låg inntekt (og låge inntekstutsikter) kanskje ikkje får låne fullt fem gonger inntekta, sjølv om eigenkapitalen er i orden.

Ved fastrentelån må du òg tole 3 prosent renteauke frå den dagen rentebindingsperioden din går ut. 

Ei anna endring i utlånsforskrifta og krav til beteningsevne, er at den frå 1. januar 2023 blei utvida til også å omfatte lån med anna pant enn bustad. Dette gjeld til dømes lån til båt, bil og andre køyretøy.

Fleksibilitetskvoten gir noko slingringsmonn

Alle bankar i Norge må følge utlånsforskrifta, men ingen reglar utan unntak. Bankane har moglegheit til å sjå bort frå éin eller fleire av krava på nokre lån i kvartalet viss det er tydeleg at lånesøkar klarer å handtere gjelda si. Dette kallast fleksibilitetskvoten eller avvikskvoten.

Derfor anbefaler vi å snakke med ein rådgjevar sjølv om du ikkje oppfyller alle krava endå. Ta kontakt med oss, så vi kan vurdere akkurat din lånesøknad.

Kor mykje kan eg låne? 

Bustadlånskalkulatoren er eit nyttig verktøy. Den gir deg ikkje fasit, men du får ein god indikasjon på kor mykje du kan låne før du startar bustadjakta.