Tips og råd
Tips og råd
Bustadlån utan eigenkapital
Det å ta opp bustadlån utan eigenkapital kan vere vanskeleg, fordi du i utgangspunktet må ha spart opp minst 15 prosent av kjøpesummen sjølv. Heldigvis finst det alternativ.
Tips og råd
Det å ta opp bustadlån utan eigenkapital kan vere vanskeleg, fordi du i utgangspunktet må ha spart opp minst 15 prosent av kjøpesummen sjølv. Heldigvis finst det alternativ.
Eigenkapital er pengar du har spart sjølv til kjøp av bustad. Hovudregelen ved bustadkjøp er at du kan låne inntil 85 prosent av det bustaden kostar. Det betyr at du må bidra med 15 prosent sjølv.
I tillegg er det du som må betale alle omkostningar knytta til bustadkjøpet. Omkostningar er for eksempel dokumentavgift til staten, som utgjer 2,5 prosent av kjøpesummen på sjølveigarbustader. Oversikt over omkostningar står alltid i prospektet på bustaden.
Her er eit døme.
Du skal kjøpe ein bustad til 2 millionar kroner.
I sum betyr det at du må ha spart 350 000 kroner for å kjøpe ein bustad til 2 millionar kroner.
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det. Den vanlegaste forma for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
Skal du kjøpe bustad for første gong kan kausjon vere ein god løysing for å få lånet du treng. Kausjonisten din bør likevel tenke godt gjennom ansvaret sitt før de lagar ein kausjonsavtale.
Sjå også:
Kva det inneber å vere kausjonist?
Er du så heldig å kunne få forskot på arv (gåvebrev), kan dette bidra til eigenkapitalen din. Det er viktig at den du skal arve frå dokumenterer forskotet skriftleg i eit gåvebrev, og informerer om gåva til alle dei andre som skal arve frå dei.
Det kan vere vanskeleg å snakke om arv. Sett dykk godt inn i korleis de går fram i eit arveoppgjer slik at det blir rett og rettferdig for alle.
Det er ofte lettare å kjøpe bustad med nokon andre – enten det er kjæraste, vener eller familie. Då kan de dele på kostnadane, noko som kan bety at de får eit høgre bustadlån (viss de har nok i eigenkapital).
For å få ein mest mogleg rettferdig fordeling anbefaler vi å skrive ein sambuarkontrakt eller tilsvarande. Det kan redde dykk for uenigheter på sikt.
Viss du er i ein livssituasjon som gjer det vanskeleg å spare
opp til eigenkapital eller skaffe ein kausjonist, kan du søke om å få eit startlån frå kommunen.
Startlånet blir anten i tillegg til eller i staden for vanleg bustadlån i banken. Lånesøknader som dette vil vere i brot med utlånsforskrifta, og vil derfor ofte ta noko lengre tid å behandle.
Den lettaste måten å få meir informasjon om startlån er å anten kontakte kommunen din eller finne informasjon på kommunen si nettside.
Snakk med oss om bustadlån utan eigenkapital
Sjølv om du manglar eigenkapital, betyr ikkje det at det er håplaus å få lån. For at vi skal kunne hjelpe akkurat deg treng vi at du sender oss ein lånesøknad. Det er gratis og heilt uforpliktande.
Har du spørsmål? Uansett om du lurer på noko om eigenkapital eller bodrunden – ikkje nøl med å spørje, vi hjelper deg meir enn gjerne.