kollektiv-flytte

Tips og råd

Flytte heimefrå

Endeleg klar for å stå på eigne bein? Å flytte heimefrå for første gong kan vere både spennande og skummelt. Få med deg nokon tips på vegen, så er du klar.

Ting du kanskje lurer på

Bankfolk bruker nokre gonger fagord som ikkje alltid er sjølvforklarande. Her er nokre ord det kan vere greitt å vite kva betyr.

BankID = BankID er ein personlig og enkel elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett. BankID blir brukt for eksempel ved innlogging i nettbank og mobilbank, ved signering av lånedokument og bekrefting av betaling ved netthandel.  

Depositum = Eit depositum er ein sum som betalast til utleigar ved inngåing av leiekontrakt. Dette er utleigaren sin tryggleik for at leiligheita vert halden i god stand og at husleiga vert betalt.

Faktura = Ein rekning på ei vare, teneste eller abonnement. Med Avtalegiro og eFaktura slepp du å få papirfakturaer i postkassa.

AvtaleGiro = Ei teneste som gjer at rekningane dine automatisk blir betalt på forfallsdato. 

eFaktura = Ei rekning du får direkte i nettbanken i staden for på papir. Du slepp å skrive inn lange KID-nummer og annan informasjon. Det einaste du treng å gjere er å godkjenne rekninga når du mottek den i mobil- eller nettbanken. 

Forfallsdato = Siste frist for betaling av rekning/faktura.

KID-nummer = Nyttast ved betaling av ein rekning for å kunne vite at det er du som har betalt din faktura. Du finn KID-nummeret på rekningane du får. 

PST! I mobilbanken kan du ta bilete av fakturaen din, så slepp du å taste lange KID-nummer! 

Når du mottar ei rekning, kan du betale denne i mobil- eller nettbanken. For å gjere det enklare å betale rekningar kan du opprette AvtaleGiro eller eFaktura, eller ein kombinasjon av dei to.

Det kan vere smart å opprette både AvtaleGiro og eFaktura. Då slepp du å få papirfakturaer i postkassa, og rekningane dine blir automatisk betalt – utan at du treng å gjere noko.

avtalegiro
Den enklaste måten å opprette AvtaleGiro på er å gjere det samtidig som du betalar ei rekning. Du får automatisk spørsmål om du ønsker AvtaleGiro viss den du skal betale til tilbyr dette. Svar ja.

NB: Når du lagar ein ny Avtalegiro kan det ta inntil 4-6 veker før denne er aktiv. I denne perioden kan du derfor oppleve å få rekning i posten. Denne må du betale på vanleg måte. Så fort Avtalegiroen er aktiv vil betalingsmottakar slutte å sende deg rekningar på papir.

efaktura
For å få eFaktura frå bedrifter som tilbyr det, må du ha kryssa av for "Del tilgang" i mobil- eller nettbanken. Dette fikser du enkelt under Innstillingar – Betaling – eFaktura .

Ja, det kan du! Du kan enkelt opprette dei kontoane du treng i mobil- eller nettbanken.

Opnar du fleire kontoar er det lurt å lage eigne namn på kontoane. Til dømes "Rekningskonto" og "Feriekonto". Då blir det lett å halde oversikt over kontoen du bruker til vanleg, og kontoen du ikkje skal røre. 

Noko av det smartaste du kan gjere er å sette opp eit enkelt studentbudsjett. Skaff deg oversikt over kor mykje pengar som kjem inn, og kor mykje som går ut. 

Sjå tips for eit fornuftig studentbudsjett

Ja, det er mogleg. Bur du i kollektiv, eller med ein sambuar, kan det vere praktisk å opprette ein delt konto. Bli einige om kor mykje de skal setje inn i månaden, og kva pengane skal brukast til. 

Du kan opprette ein ny konto i nettbanken, og deretter dele kontoen med den du ønsker. De kan òg bestille bankkort til den delte kontoen – så har de begge tilgang til pengane de set inn. 

 

Eit vanleg bankkort kan du bruke så lenge det er pengar på konto. Når du bruker bankkortet i butikken, blir pengane trekt automatisk frå bankkontoen din. Dei forsvinn altså umiddelbart, og du betaler med ein gong.

Kredittkortet er ikkje kopla til noko konto, men gir deg tilgang til ein ekstra sum du kan låne. Når du bruker kortet, låner du pengar, og det kan du gjere inntil grensa er nådd. Når du har betalt ned alt eller deler av summen, kan du igjen låne opptil grensa. 

Les meir om Mastercard Ung.

Har du aldri hatt eit kredittkort før, kan dette lynkurset for ferske kredittkorteigarar vere lurt å lese gjennom.

Full oversikt i mobilbanken

I mobilbanken er det superenkelt å sjekke saldo, overføre og betale rekningar. I Min økonomi får du full oversikt over korleis du bruker pengane dine.  

Under kvar kategori kan du også sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein god moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.

Her finn du Min økonomi:
  1. Logg inn i mobilbank
  2. Vel Min økononomi i oversikta

Kva forsikringar treng eg?

Ting kan skje med deg eller tinga dine – enten heime eller på reise. Når du melder flytting i Folkeregisteret, er du ikkje lenger dekt av forsikringa til foreldra dine.  

Innbu- og reiseforsikring

Hugs at tinga dine kan vere verdt meir enn du trur! Har du pengar til å erstatte alle tinga dine sjølv ved brann eller tjuveri? Viss ikkje, bør du ha ei innbuforsikring som sikrar tinga dine. 

Det er også lurt med reiseforsikring. Kva om du blir skada på ein treningstur, eller utsett for tjuveri på bussen? Reiseforsikringa gjeld frå du går ut av døra heime. 

Les meir om Innbu- og reiseforsikring for unge

Uføreforsikring

Ingen rår over sjukdom eller ulykker. Kva om du blir utsett for noko som gjer at du ikkje kjem deg ut i arbeidslivet? Då risikerer du å måtte leve på minstepensjon frå NAV. Den ligg på mellom 238.700 - 304.700 kroner, avhengig av alder og om du bur åleine eller saman med nokon.

Men viss noko skjer som gjer at du ikkje kjem deg ut i jobb, sikrar uføreforsikringa deg ei fast inntekt og ein tryggare økonomi.

Les meir om uføreforsikring

Sjekkliste for deg som skal leige bustad

Skriv husleigekontrakt med utleigar, så har de avklart viktige forhold på førehand. 

Dette er lurt å sjekke i husleigekontrakten:

  • Er kontrakten tidsbestemt?
  • Kor lang oppseiingstid har du?
  • Kva krevst for å få depositumet ditt tilbake?
  • Kven betaler om til dømes vaskemaskina sluttar å fungere?

Er de fleire som skal leige saman, bør de be om individuelle kontraktar. Dersom det ikkje er mogleg, og de kun får éin felles kontrakt, bør alle i kollektivet signere kontrakten. Då står alle ansvarleg om noko skulle skje.

Forbrukarrådet gir gode tips om å leige bustad

Forbrukarrådets standardkontrakt

Skal du leige ein plass å bu er det vanleg å betale inn eit depositum. Beløpet varierer, men er ofte på tre månadsleiger og aldri meir enn seks. Pengane får du tilbake med renter når du flyttar ut.

Du og utleigar skal avtale depositum og leigeavtale samtidig. Utleigar kan ikkje forlange at du betalar eit depositum etter at de har inngått leigeavtalen.

Du skal ikkje betale inn depositumet til utleigar sin privatkonto. Utleigar skal opprette ein depositumskonto som begge skal signere på.

Les meir om depositumkonto

Før du flyttar inn er det viktig at du tar ei runde og sjekkar for skader. Lever ei liste med oversikt over feil og manglar til utleigar, eller gå gjennom bustaden saman – då slepp du å få skulding for gamle skadar når du flyttar ut.

Viss du som leigetakar skal signere ein avtale om depositumkonto, men manglar BankID, må både du og utleigar komme innom eit bankkontor. Ta med gyldig legitimasjon og leigekontrakten.

Viss leigetakar er under 18 år, må dei ta kontakt med banken for å få signert avtalen. Ofte er det føresette som signerer avtalen på vegner av leigetakarar under 18 år.

Få oversikt over økonomien din

Er du nysgjerrig på korleis økonomien din kan bli på eiga hand? Med SIFOs kalkulator for forbruksutgifter kan du finne vanlege utgifter og sjå korleis din økonomi kan bli.

Eller lurer du på kor mykje du eigentleg kan spare? Lag eit budsjett: I Min økonomi kan du få full oversikt over kor mykje du bruker på andre ting enn rekningar på ein månad.

Sparing tilpassa alder

Buffer og kos

Ved å spare fast til for eksempel buffer og kos, får du eit meir bevisst forhold til kva du faktisk ønsker å bruke pengar på. 

Les meir om sparekonto.

Mikrospar

Spar pengar utan å merke det. Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet. Beløpet vel du sjølv.

Les om mikrosparing.

BSU

Skal du kjøpe eigen bustad i framtida? Er du under 34 år og sparer til bustad, er det inga spareform som slår BSU.

Les om BSU-konto.

Fond

Viss du har spart til buffer, fylt opp BSUen og framleis har litt pengar til overs, er det ein god idé å starte med fondssparing. 

Les meir om sparing i fond

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }