Student lagar studentbudsjett

Tips og råd

Korleis setje opp eit studentbudsjett?

Noko av det smartaste du kan gjere er å sette opp eit enkelt studentbudsjett. Eit budsjett handlar i botn og grunn om to ting. Skaff deg oversikt over kor mykje pengar som kjem inn, og kor mykje som går ut. 


Eksempel på studentbudsjett for hausten 2024

Pengar inn:
Lån og stipend: 68.950 kr (basislån frå Lånekassen er i gjennomsnitt 13.790 kroner per månad)

Engangsutgifter:
Bøker og skulemateriell (brukt): 3100 kr
Semesteravgift: 800 kr
Total engangsutgifter: 3900 kr

Pengar inn – engangsutgifter = 65.050 kr
65.050 kr / 5 mnd = 13.010 kr
Du kan bruka 13.010 kroner per månad

Månadsutgifter (inkludert studentrabattar):
Husleige i bofellesskap: 6800 kr
Mat: 3400 kr
Netflix: 89 kr
Spotify: 69 kr 
Treningssenter: 300 kr
Strøm: 500 kr 
Mobil: 349 kr
Kollektivtransport: 448 kr
Sparing/buffer: 500 kr
Kosekonto: 550 kr
Summert blir dei månadlege utgiftene på 13.005 kroner

10 smarte råd for ein betre studentøkonomi

For deg som studerar, er det lurt å planlegge økonomien for skuleåret. Få gode råd og tips for ein betre studentøkonomi.

Få oversikt over studielånet

Ved å legge til studielånet ditt i mobilbanken har du heile tida oversikt over samla gjeld, renter og gebyr. Smart ikkje sant?

Her finn du studielånet:

  1. Logg inn i mobilbank
  2. Klikk på knappen Legg til konto eller kort
  3. Hent inn studielånet

I tillegg kan du enkelt sjekke saldo, overføre, fikse regionsperre på korta, og mykje meir. 

Skal du flytta heimanfrå?

Å flytte heimanfrå for første gong kan vera både spennande og skummelt. Her finn du det du treng å vite om husleigekontrakt, depositum og forsikring.