Studentar må planlegge økonomien for skuleåret

Tips og råd

Studentøkonomi

Når du studerer er det lurt å planlegge økonomien for skuleåret. Her får du gode råd og tips for ein betre studentøkonomi.

10 smarte råd for ein betre studentøkonomi

Forbrukarøkonom Magne Gundersen gir deg sine ti beste tips for ein betre studentøkonomi.
 

Set opp eit budsjett

Noko av det smartaste du kan gjere er å sette opp eit enkelt studentbudsjett, slik at du får oversikt over kor mykje pengar som kjem inn, og kor mykje som går ut. 

I tillegg kan denne budsjettmalen (excel) hjelpe deg med å få oversikt.

Bu billegare

Å bu er ofte den største utgiftsposten for dei som vel å flytte for å studere. Eit smart tips er å starta bustadjakta tidleg. I tillegg kan det vere lurt å leige bustad saman med ein venn. Då kan de dele på alle utgifter som leige, internett, straum og innkjøp av felles ting som vaskemaskin og møblar.

Her finn du ei lur sjekkliste for deg som skal leige bustad.

Søk studielån og stipend

Studielån er eit billeg lån. Det kan derfor vere smart å ta ut heile studielånet og heller spare det du ikkje brukar. Lånet er rentefritt i studietida, og opptil 40 % av lånet kan omgjerast til stipend. 

Legathandboka finn du hundrevis av stipend som blir delt ut kvart år til verdige søkarar. Send gjerne inn fleire søknader. Og best av alt: Pengane er skattefrie!

Jobb deltid

Å jobbe ved sida av studiane er løysinga for mange. Dei ekstra tusenlappane er gull verd for ein trong studentøkonomi – samtidig som det ofte kan lønne seg både erfaringsmessig og på CV-en din. Men pass på at du ikkje overstig Lånekassen si inntektsgrense (214.213 kroner før skatt i 2024). Tener du meir vil stipendet ditt bli kutta.

Bruk studentrabatten

Det er masse rabattar og tilbod spesielt retta mot studentar. Sjå kva studierabattar du kan få.

Sel det du ikkje brukar og kjøp brukt

Ein del ting må ein nødvendigvis ha, men det er ikkje nødvendig å kjøpe alt nytt. Du kan finne alt frå brukte pensumbøker til klede, bestikk og møbler på nett. Å selje unna det du ikkje lenger bruker er ein smart måte å få litt ekstra å rutta med som student. 

Sjå tips om korleis du kan spare pengar og miljøet. 

Hugs forsikringane

Du bør ha minimum innbu- og reiseforsikring. Hugs at dersom du er over 20 år er du ikkje lenger dekka av forsikringa til foreldra dine. Melder du flytting i Folkeregisteret er du heller ikkje dekka av forsikringane til foreldra, dette gjeld òg før du fyller 20 år.

Planlegg handleturen

Det er mykje du kan gjere for å få pengane til å rekke lenger som å Slik kan du unngå dyre impulskjøp som kan loppe deg for mykje meir enn du trur.

I tenesta Min økonomi kan du skaffe deg ei oversikt over kva du bruker pengar på, og sjå om du finn utgifter du heller kan setje av til sparing.

Spar fast kvar månad

Når du er student er det ikkje lett å spare, men det er mogleg. Ein av dei beste vanane du kan ha er ikkje å bruke opp alle pengane, men legge litt til side kvar månad. Nokre tusenlappar på ein  bufferkontokan redde deg når du får ei uventa utgift.

"Du bør ikkje bruka opp pengane du får frå Lånekassen ved semesterstart med ein gong, men fordele dei utover semesteret. Det er ikkje alltid mykje rom i studentøkonomien, men med nokre enkle grep kan du forbetre økonomien din."

Magne Gundersen, forbrukarøkonom


Få oversikt over studielånet

Ved å legge til studielånet ditt i mobilbanken har du heile tida oversikt over samla gjeld, renter og gebyr. Smart ikkje sant?

Her finn du studielånet:

  1. Logg inn i mobilbank
  2. Klikk på knappen Legg til konto eller kort
  3. Hent inn studielånet

I tillegg kan du enkelt sjekke saldo, overføre, fikse regionsperre på korta, og mykje meir. 



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }