venner på visning av utleigebustad. foto.

Tips og råd
Dette bør du vite om du skal leige leilegheit

Det er mange ting å tenke på når du skal leiga leilegheit, frå leigekontrakt til depositum. Her er alt du treng å vite

Tips til deg som skal kjøpe bil

For at du ikkje skal få nokon overraskingar på vegen er det viktig at du les heile leigekontrakten, og les det nøye. Her er noko av det du må sjekka at er på plass: 

  • Er kontrakten tidfesta?
  • Kva er inkludert i leia? 
  • Kor lang oppseiingstid har du?
  • Kva krevst for å få depositumet ditt tilbake?
  • Kven betaler om til dømes vaskemaskina sluttar å verke?

Forbrukarrådets leigekontrakt er eit bra utgangspunkt for både leigetakar og utleigar.

Eit depositum er ein sum som blir betalt til utleieren når de lagar og signerer ein leigekontrakt. Depositumet skal sikra at du kan dekka utgifter til uventa skader og at husleiga blir betalt. Det er vanleg med eit depositum på tre gonger husleiga, men utleigar kan krevje opptil seks gonger husleien. 

Viss depositumet berre blir overført til den private kontoen til utleigar risikerer du at pengane forsvinn – og det blir desto vanskelegare å få pengane tilbake viss de blir usamde. I tillegg har du krav på rentene som tenes i perioden.

Derfor seier Husleieloven at depositum skal setjast inn på ein eigen depositumkonto, der pengane står utilgjengeleg for begge partar fram til oppgjeret. 

Før du flyttar inn er det viktig at du tar ei runde og sjekkar for skader. Lever ei liste med oversikt over feil og manglar til utleier eller gå gjennom bustaden saman. På den måten slepp du å få skulda for gamle skader når du flyttar ut.

Ta gjerne bilde og legg dei inn i ei eiga mappe på mobilen din i tillegg. 

Er leia utleier krev rimeleg? Det kan vera ein idé å ta tempen på leigemarknaden i området før du bestemmer deg for at du vil flytta inn.

Hugs å ta ting som er inkludert i leia, til dømes TV, internett eller straum, med i reknestykket. 

Bur ein i eit kollektiv, bør alle leigetakarane skrive under på kontrakten. Viss ikkje risikerer de at den som har signert står ansvarleg åleine dersom det skulle vere noko.

Sjølv om utleiger har hovudansvaret for vedlikehald av leilegheita har du òg nokre forpliktingar. Dette seier Husleieloven (§ 5-3) om vedlikehald:

  • Er ikkje anna avtalte, pliktar leigetakaren å halde ved like dørlåser, kraner, vassklosett, elektriske kontaktar og brytarar, varmvassbehaldarar og inventar og utstyr i husrommet som ikkje er ein del av den faste eigedommen.
  • Leieren pliktar òg å gjere nødvendig funksjonskontroll, reingjering, batteriskift, testing og liknande av røykvarslar og brannsløkkingsutstyr. Må gjenstandar som tilhøyrer utleieren blir skifta ut, kviler dette på utleigaren viss anna ikkje er avtalt.

Hugs at eventuelle skader på bustaden må dekkast av depositumet, dette gjeld òg til dømes viss du ikkje har reingjort godt nok. Viss du har fulgt leigeavtalen skal depositumet betalast tilbake i sin heilskap så snart leigetida er slutt.

Pass på så du ikkje mistar depositumet!

Når leigeforholdet er avslutta får du normalt sett depositumet tilbake. Nokon gonger er utleiger og leigetakar usamde om at alt er som det skal. Det kan vere til dømes manglande vedlikehald, dårleg utvask eller utestående husleige. Då kan utleigar krevja å få dekt dette gjennom depositumet. Viss du er usamd har du 5 veker på å klage til Forliksrådet eller Husleieutvalget.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }