par som ligg i sofa og ser på ein mac. foto.

Tips og råd

Vegen til å kjøpe din første bustad

Det er spennande, og kanskje litt skummelt, å skulle kjøpe sin første bustad. For kva er det eigentleg lurt å tenke på før, under og etter du signerer kontrakten?


Bustadsalet - steg for steg

Å leite etter din første bustad kan vera tidkrevjande. Hugs å vere realistisk, og sjå etter eit stad å bu som passar din økonomi. Start med å finne ut kva som er viktigast for deg:

  • Tenker du at det er greitt med eit oppussingsobjekt, eller vil du flytte rett inn? 
  • Er det viktig for deg at bustaden er i nærleiken av jobben, barnehage/skule eller butikken? 
  • Må du bu sentralt, eller kan du velje å flytte litt mindre sentralt kor prisnivået er lågare? 

Hugs at det er viktig å tenke framover. Det er få som har råd til «draumebustaden» som førstegangskjøpar.

Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 85 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 15 % av kjøpesummennår du skal kjøpe bustad. Dette kallast eigenkapital.

I tillegg må du dekke kostnadane i samband med bustadkjøpet

Det er mogleg å låne meir enn 85 % av kjøpesummen viss du har nokon, som oftast nokon i familien, som kan stille som kausjonist

Viss du har ein BSU-konto kan du bruke desse pengane som eigenkapital. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.

Sjå også:
Kva er forskjellen på sjølveigar og burettslag?
Kva kan BSU-kontoen brukast til?

Før du begynner å leite etter ein plass å bu, må du ha eit finansieringsbevis. Dette ordnar du enkelt og uforpliktande ved å anten søke om finansieringsbevis eller snakke med ein av rådgjevarane våre først.

Nysgjerrig på kor mykje du kan låne akkurat no? Prøv lånekalkulatoren vår, så du ein peikepinn på kor mykje du kan låne. 

Det kan vere freistande å kjøpe den første og beste bustaden du finn. Vi anbefaler å gå på så mange visningar du klarer, for her gjeld det å få eit overblikk over kva du kan få til kva pris.

Sjekk salsoppgåva nøye, og gå grundig gjennom bustaden når du først er på visning. Du som kjøpar har nemleg større undersøkingsplikt enn du kanskje er klar over.

Psst! Ikkje vis finansieringsbeviset ditt til meklaren, då har du avslørt kor langt du kan gå i bodrunda.

Sjå også: 
Gode råd til visninga

Då er vi i gang! Finansieringsbeviset er i boks, du har vore på visning og du har bestemt deg for å legge inn bud på bustaden.

Sett deg ei personlig grense for kor langt du er villig til å gå i bodrunda, det er fort gjort å bli riven med. Ikke mist motet om du taper bodrunda – det er fleire fiskar i havet!

Sjå også: 
Bodrunde

Aksepterte seljaren bodet ditt? Gratulerer, no er du straks eigar av din nye heim! Neste steg i prosessen er å skrive under på lånedokumenta.

Sjå også: 
Signering av kontrakt og lånepapir

Både du og seljaren blir invitert til kontraktsmøte hos eiendomsmeklaren, der de signerer og går gjennom kontrakten.

Hugs å ta med bankkort med bilete, førarkort eller pass til legitimasjon.

Sjå også: 
Oppgjer og overtaking

No som du eig din eigen stad, er det viktig at du har forsikringane på plass. Innbuforsikring er viktig, og har du kjøpt hus må du ha husforsikring.

No som du har ansvar for eit bustadlån kan budsjettet bli stramt, spesielt viss du er ung. Ver prissmart og sjå etter gode tilbod på mat, straum, internett og straumetenester. 

Hugs å endre adressa i Folkeregisteret så snart du har flytta, dette kan du enkelt gjere via nettsidene til Skatteetaten.

Sjå også: 
Slik får du stålkontroll på økonomien

Kva er banken opptatt av når du søker lån?

Kan du betale lånet? Vi ser på alt du har av utgifter og inntekter, og må ta høgde for at du kan betale lånet sjølv om renta aukar. 

Sparepengar – kor mykje har du spart og har du eigendomar, som til dømes bil? 

Har du sambuar eller barn? Familiesituasjonen har ofte ein del å sei for økonomien din.

Andre lånHar du andre lån, vil det påvirke kor mykje du kan betale ned på bustadlånet.

Tenkt på å leige ut? Med leigeinntekter er du sikra hjelp til å betale på lånet. Leiger du ut mindre enn halvparten av det totale arealet av bustaden, betaler du ikkje skatt av husleiga.

Stå på-vilje Det er alltid bra. Kan du vise at du både kan tene og spare pengar, kan det også påvirke kor mykje du kan låne.


Kva kostar eit bustadkjøp? 

Med tanke på totalpris og kor mykje du kan låne er det viktig å merke seg at det kjem fleire kostnadar med eit bustadkjøp, og at det er forskjell på sjølveigar og burettslag. 

  • Tinglysing: Når du kjøper bustad må du registrere kven som har lånt deg pengar og at det er tatt sikkerheit i eigedommen. Dette kallast tinglysning av pant og kostar 525 kroner for fast eigedom og 430 kroner viss du har kjøpt andel i burettslag.
  • Dokumentavgift: Dersom du kjøper sjølveigar, må du betale dokumentavgift på 2,5 % av det du kjøper bustaden for. Dersom du kjøper ein burettslagsbustad, aksjeleiligheit, eller dersom salet skjer mellom ektefeller eller registrerte partnarar, slepp du dokumentavgifta.
  • Fellesgjeld: Dersom du skal kjøpe deg inn i eit burettslag eller aksjeleiligheit, bør du sjekke fellesgjelda – kor høg er den og kva dekker den? Dette må med i budsjettet når du vurderer om du har råd til å kjøpe deg inn.

Kva lurer andre på?



{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }