Tips og råd
Oppgjer og overtaking
Meklar og oppgjersarbeidarar sørger for at papirarbeid og betaling skjer etter boka.
Når overtakelsesdagen kjem, står det berre att nokre få formalitetar før du endeleg overtar nøklane.
Meklar og oppgjersarbeidarar sørger for at papirarbeid og betaling skjer etter boka.
Når overtakelsesdagen kjem, står det berre att nokre få formalitetar før du endeleg overtar nøklane.
Oppgjeret inneber ganske enkelt at pengane går dit dei skal til riktig tid, og at alle papir rundt bustadkjøpet er i orden.
Dette betyr at kjøpesummen og omkostningane for bustadkjøpet i første omgang går til klientkontoen til meklaren, der dei vidare blir overført til riktig stad når alle papir er i orden.
Oppgjersavdelinga sjekker at papir blir utfylt, at dei riktige stempla er på plass og at pengane kjem når dei skal. Dei skal òg sørga for at skjøtet blir tinglyst, og at alle lån blir innfridd. Det skal ikkje vere nokre hefte på bustaden når du overtar.
Du har sjølv ansvar for at kjøpesum og omkostningar kjem inn på klientkontoen til meklar til rett tid.
Siste frist for at meklar har totalbeløpet for bustaden på klientkontoen sin, er siste virkedag før overtakinga, så overføringa må skje seinast to dagar før dette. Meklaren må gå god for at beløpet har komme inn.
Ofte ordnar banken din med overføring av lånet for deg, og du vel om dei òg skal ta seg av overføring av eigenkapital og omkostningar.
På overtakingsdagen møtest du, seljar og meklar for å gå gjennom bustaden saman, lese av straum- og vassmålar, sjekke utvask og signere overtakingsprotokollen. Ser alt greitt ut er det berre éin ting som står att – å overta nøklane til bustaden!
Meklaren tar seg av dei siste formalitetane, og du kan planlegga flyttinga. Då er det berre å seie gratulerer med ny bustad! No er det snart innflyttingsfest :)
Du må hugse å sende flyttemelding slik at adressa di blir oppdatert i viktige register, og at posten din kjem dit den skal.
Nokre forsikringar bør du òg ha, og husforsikring er nøydt til å vere på plass så lenge banken har pant i bustaden:
Livet med eigen bustad kostar fort litt pengar.
Du overtar løpande utgifter på bustaden frå denne dagen, som kommunale avgifter, festeavgift og felleskostnader, viss det finst. Kor mykje desse er på, finn du i salsoppgåva på bustaden.
Første innbetaling på lånet ditt skjer også snart, og du vil etter kvart begynne å få rekningar på straum, tv/internett, og andre tenester som er knytt til bustaden din.
Heldigvis finst det nokre enkle grep som kan gi deg stålkontroll på økonomien i den nye kvardagen din.