Tips og råd
Kausjonist – kva er det?
Vurderer du å stille som kausjonist for barna, men er usikker på kva det egentlig inneber? Her er nokre tips og råd på vegen.
Vurderer du å stille som kausjonist for barna, men er usikker på kva det egentlig inneber? Her er nokre tips og råd på vegen.
Den vanlegaste forma for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
Foreldregenerasjonen har ofte betalt ned mykje på bustaden sin, og har dermed ledig sikkerheit som banken kan ta pant i. Pant er det same som sikkerheit, det vil seie ein garanti for at lånet blir betalt.
Som kausjonist kan du med andre ord bli stilt ansvarleg for den delen av lånet du har garantert for.
For å hjelpe barn inn på bustadmarknaden og få nok lån utan tilstrekkeleg eigenkapital, kan ein realkausjonist stille eigen bustad som sikkerheit.
Hugs at lånet skal betalast. Du bør derfor vere trygg på at dei unge har sterk nok økonomi til å klare dei månadlege lånekostnadane.
Når vi tar tilleggssikkerheit i bustaden til foreldra på den delen av lånet som overstig 90 % av kjøpesummen, utgjer dette eit såkalla topplån. Det betyr at banken splittar bustadlånet til eit hovudlån, som utgjer 90 % og eit topplån som utgjer den delen av lånet som overstig 90 %.
Topplånet skal betalast ned først, og har ein eigen nedbetalingsplan. Det betyr at bustadeigar betaler renter og avdrag på topplånet til det er nedbetalt og kausjonsansvaret utgår.
Avhengig av beløp er nedbetalingstida typisk 4 til 6 år på topplånet. Samtidig blir det berre betalt renter på hovudlånet.
Når topplånet er nedbetalt, begynner ein å betene avdrag på hovudlånet, og dei unge er no heilt sjølvstendige og utan kausjonistar. På denne måten blir kausjonen avslutta så fort som mogleg, slik at kausjonsrisikoen du tar på deg blir fjerna.
Det betyr at dersom du har fleire barn som du ønsker hjelpe inn på bustadmarknaden, er sikkerheita tilgjengeleg igjen.
Ønsker du å hjelpe barna inn på bustadmarknaden, utan å måtte kausjonere for lånet? Då kan du vurdere desse alternativa:
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium