Finn draumebustaden

Akkurat kva som definerer den perfekte bustaden, varierer frå person til person.

Det viktigaste er at det er ein bustad som både matchar lommeboka og kriteria dine.

visning i hus

Kva bør eg sjå etter i ein bustad?

Akkurat kva som definerer den perfekte bustaden, varierer frå person til person. Det viktigaste er at det er ein bustad som passar inn i dei planane du har for framtida, enten det er på kort eller lang sikt. Samtidig skal du òg ha råd til å leve godt med bustadlånet og alle kostnadene knytt til å eige ein bustad.

Lag ei liste over kva som er viktig for deg i din neste bustad. Dette kan til dømes vere:

  • Bustadtype (einebustad, rekkehus, leilegheit, osv.)
  • Storleik og talet på soverom
  • Område eller skulekrets
  • Oppussingsbehov
  • Stor, liten eller ingen hage
  • Garasje eller carport
  • Moglegheit for utleigedel
  • Kort veg til butikken eller busshaldeplassen
  • ++

Prioriter kvart punkt på lista frå viktig til mindre viktig, eller 1 til 10, så blir det enklare å bestemme deg for kva visningar det er verdt å gå på.

Vurderer du å sjå etter noko som kan pussast opp eller byggast på utvendig kan det vere smart å sjekke reguleringsplan og avgjerder for eigedommen. Denne informasjonen får du frå meklar. 

Spørsmål og svar

Det kan vere vanskeleg å forstå kva ting betyr i bustadsalsrapporten, eller tilstandsrapporten som den òg kallast. Dette kan du lese meir om på nettsidene til Norsk takst

Skal du på visning er det lurt å vere godt førebudd, dette kan jo faktisk vere den einaste gongen du ser bustaden før bodrunda startar.

  • Les nøye gjennom prospektet, bustadsalsrapporten og eigenerklæringa.
  • Skriv ned alle spørsmål du måtte ha til meklaren.
  • Bli kjent med området, sjå gjennom nabolagsprofilen i prospektet og ta deg gjerne ein tur i nabolaget.
  • Spør nokon du kjenner som er handy om å vere med på visninga.
  • Ser du for deg å pusse opp eller bygge på bustaden kan du spørre meklaren om reguleringsplan og avgjerder for eigedommen
  • Bruk sjekklista aktivt, ta deg god tid og ta gjerne notat undervegs.
  • Sørg for å sjå alle delar av eigedommen, både ute og inne.
  • Ikkje ver redd for å stille spørsmål til meklar, spør om alt du lurer på. 
  • Kjenn på magekjensla – svarer bustaden til forventningane dine?

Å gå på visning er gøy, det er jo trass alt din potensielle nye heim du ser på – lykke til!

Fell du for atmosfæren og møblane i ein bustad, kan det vere grenselaust skuffande å overta ei ribba leilegheit eller tomt hus. Det er klare reglar for kva som følger med sal.

Kvitevarer og brunevarer følger berre med viss dette står spesifikt i salsoppgåva, medan varmekjelder, garderobeskap og kjøkkeninnreiing følger med.

Når det er sagt, så er det også mogleg å forhandle med seljar om å få kjøpe ting som eigentleg ikkje er inkludert. Men dette må spesifiserast skriftleg.


Sjekkliste for visning

Gode tips og råd til kva du bør sjekke på visning

Elektrisk anlegg

  • Ta ein titt i sikringsskapet.
  • Når blei det elektriske anlegget kontrollert sist?
  • Når blei det skifta eller utbetra?
  • Blei arbeidet utført av godkjent elektrikar og kan dokumenterast?
     

Røyropplegg

  • Kva er alder og tilstand på røyropplegget?
  • Når blei det skifta eller utbetra?
  • Blei arbeidet utført av godkjent røyrleggar og kan dokumenterast?
  • Må røyr eller varmtvasstank skiftast?
  • Held varmtvasstanken til forbruket ditt?

Baderom og vaskerom

  • Er det tilstrekkeleg fall mot sluk?
    Sjekk med eit vater eller ei klinkekule, eller berre sett på dusjen.
  • Ser du teikn på fuktskadar?
    Bular, svarte prikkar eller misfarging på vegg, fliser eller fugar.
  • Lukter det mugg, eller er fuktig?
  • Er membranen lagt av fagfolk og kan dokumenterast?
  • Er anna arbeid på badet utført av fagfolk og kan dokumenterast?

Kjøkken

  • Fungerer avtrekksvifta som den skal?
  • Er det teikn til fukt under røyra til vasken og oppvaskmaskina?
  • Ser du skjoldar eller andre teikn til fuktskadar rundt oppvaskbenken eller på golvet?

Drenering og fuktsikring

  • Lukta det mugg i kjellaren?
  • Er det synlege teikn på fukt, som saltutslag eller skjoldar i kjellaren?
  • På loftet, finst det sopp eller mugg på undertak, skorstein, vindauge, veggar eller golv?

Ventilasjon og eventuell radonmåling

  • Verkar det som det er god luft i alle rom?
  • Har det blitt gjort utbetringar på ventilasjon?
  • Viss det er planlagt for utleige er det pliktig å gjere radonmåling, er dette gjort?
  • Er det nybygg, er det påbode med radonsperre, forhøyr deg om dette er på plass.
  • Du kan òg sjekke  på "Norges Geologiske undersøking" sine nettsider som har eigne radonkart for ulike område.

Uteområde

  • Passar uteområda til det du vil bruke dei til?
  • Korleis er solforholda på uteområda?
  • Korleis er det med skjerming frå naboar, sol og eventuell støy?
  • Korleis er det med parkering, og er tilkomsten privat eller offentleg?
  • Er det noko spesielt du bør vite om, som tomtegrenser, sameige og fellesområde?
     

Ytterveggar og tak

  • Kor gammal er panelkledninga?
  • Bør den bytast?Kva er tilstanden på taket, er det lenge til dette bør bytast?
     

Balkong/terrasse

  • Er det stor nok avstand i terrassedekket til at vatnet renn av?
    Viss det nettopp har regna, sjå etter vassamlingar.
  • Er beslag og nedløp i god stand?

Fellesutgifter

  • Er store fellesutgifter som vil dukke opp snarleg? Dette kan i så fall føre til auka fellesgjeld og husleige.
  • Kva blir dekt av fellesutgiftene?
  • Kva har blitt utbetra i burettslaget, er det til dømes bytta tak eller vindauge nyleg?

Nærområde

  • Kor langt er det til butikken?
  • Korleis er kollektivtilbodet i området?
  • Er det god barnehagedekning i området?
  • Kva skulekrets høyrer det til?
  • Er det langt til næraste treningssenter?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }