Tips og råd
Eigenkapital og finansiering
Ein bustad kostar mykje pengar. Mesteparten kan du som regel låne av banken, noko må du ha sjølv. Når finansieringa i orden, er du klar til å by!
Eigenkapital og finansiering
Ein bustad kostar mykje pengar. Mesteparten kan du som regel låne av banken, noko må du ha sjølv. Når finansieringa i orden, er du klar til å by!
For å søke om finansieringsbevis, fyller du ut lånesøknaden i neste steg.
Eigenkapital er ganske enkelt pengar du har sjølv til bustad. Som ein hovudregel må du ha 10 % av kjøpesummen i eigenkapital når du skal kjøpe bustad.
I tillegg til eigenkapitalen må du betale omkostningane ved kjøpet. Kor mykje dette er, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400.000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100.000 kroner i omkostningar.
Har du moglegheita til å spare i BSU – Bustadsparing for ungdom, er dette den smartaste måten å spare til eigenkapital. Her får du den beste renta på sparepengane dine, og inntil 2.750 kroner i skattefrådrag kvart år. Du kan spare i BSU til det året du fyller 33 år.
Har du ikkje moglegheit til å spare i BSU, finst det òg andre måtar å spare pengar på. Dette får du full oversikt over på våre sparesider.
Å spare opp nok pengar til bustad er ikkje nødvendigvis lett, spesielt viss du ikkje kjem i gong tidleg, men det finst heldigvis alternativ til sparing som kan vere til god hjelp:
Du kan lese meir om desse alternativa på sida Bustadlån utan eigenkapital.
Kor stort bustadlån du kan få, avheng av fleire ting rundt økonomien din, mellom anna inntekter, utgifter og eigenkapital.
Ifølgje bustadlånsforskrifta kan du få maks 5 gonger inntekta di i samla lån (bustadlån + andre lån). Har du høgt studielån har det med andre ord betyding for kor mykje du kan få i bustadlån.
Banken ser ikkje berre på dagens inntekt når din låneevna blir vurdert:
Av utgifter ser banken på kva andre lån du har, buutgifter som straum, kommunale avgifter og liknande, kostnader til barnepass, transport, fritidsinteresser og anna forbruk. I tillegg tar banken høgde for at du skal kunne tole ei renteauke på 3 %.
Eit finansieringsbevis er ganske enkelt eit bevis frå banken på kor mykje du kan kjøpe bustad for.
Det er enkelt og uforpliktande å søke, og du slepp å laste opp dokumentasjon, det ordnar vi for deg. Når søknaden er sendt inn, vil ein rådgjevar gå gjennom denne, og ta kontakt med deg før finansieringsbeviset ditt blir ferdigstilt.
Når du får finansieringsbeviset, er det gyldig i 6 månader, du kan då vere med å by på bustad i denne perioden. Får du ikkje brukt det innan 6 månader, kan du enkelt fornye det hos oss.
For å søke om finansieringsbevis, fyller du ut lånesøknaden i neste steg.
Du bør ta stilling til om du bør kjøpe eller selje først. Det finst ikkje noko fasitsvar på akkurat dette, men ofte kan det vere tryggast å selje først. Då veit du akkurat kor mykje du har å rutte med, og du slepp å betale lån på to bustader.
Ulempa er at det kan ta tid før du finn ny bustad, og du kan ende opp med å måtte finne ein mellombels plass til deg sjølv og alle tinga dine etter du har flytta ut, det kan bli litt styr.
Skulle du ende opp med å kjøpe først, er det vanleg å søke om mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betaler på det gamle lånet.
Lurer du på kor mykje du kan låne, eller kor mykje lånet vil koste? Med bustadlånskalkulatoren vår får du ein god indikasjon på kor mykje du kan låne.
Det kan vere greitt å starte med eit møte med ein av rådgjevarane våre, så får du god kontroll på vegen vidare.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium