Tips og råd
Finansieringsbevis til bustad
Med eit finansieringsbevis veit du kor langt du kan gå i bodrunda, og slepp å ta atterhald om finansiering.
Med eit finansieringsbevis veit du kor langt du kan gå i bodrunda, og slepp å ta atterhald om finansiering.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Du finn finansieringsbeviset under menypunktet "Lån i både mobilbanken og nettbanken.
Når søknaden er send inn, behandler vi den så raskt som mogleg. Du vert kontakta når det er klart. Finansieringsbeviset er gyldig i 6 månader.. Du får beskjed 14 dagar før det går ut, slik at du kan be oss om å få det fornya.
Er du ikkje kunde? Det er heilt greit! Du er velkommen til å søke om finansieringsbevis. Ein rådgjevar vil ta kontakt for vidare oppfølging når søknaden er motteken, og du vil sjå finansieringsbeviset ditt i vår populære mobilbank etter at du har registrert deg som kunde.
Folk har ulike behov når dei skal kjøpe bustad. Derfor tilbyr vi ulike bustadlån, slik at du får eit lån som passar for deg og økonomien din.
Bodrunda er kanskje det mest spennande og nervepirrande med eit bustadkjøp – her gjeld det å ha is i magen!
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Ja, viss økonomien din tillèt det, kan du få lån til ny bustad før den gamle er seld. Dette kallast mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betalar på det gamle lånet. Ved behov kan du få avdragsfritak på eitt eller begge lån, det vil seie at du berre betalar renter.
Sjå også
Søk mellomfinansiering
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium