Søk mellomfinansiering

Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din. Då har du i ein periode lån på to bustadar.

Du kan få avdragsfritak i perioden med mellomfinansiering, då betalar du berre renter. Då betalar du berre renter. Når du har selt og fått oppgjeret for den gamle bustaden, blir det gamle lånet avslutta. Overskotet frå salet (eigenkapitalen) vert flytta til lånet på den nye bustaden, som då blir gjort om til eit ordinært lån.