Tips og råd
Mellomfinansiering
Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din.
Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din.
For å få tilbod på mellomfinansiering, fyller du ut lånesøknaden i neste steg. Skriv gjerne i kommentarfeltet om gamal bustad er lagt ut for sal eller om du ønsker å kjøpe ny bustad før du har selt.
Kontakt oss for pris på mellomfinansiering.
Husk at du i tillegg til renter og eventuelle avdrag på to lån, må dekke løpande utgifter på to bustader i ein periode, mellom anna kommunale avgifter, straum og forsikring. Du må derfor ha god økonomi for å få mellomfinansiering.
Snakk gjerne med oss i banken før du startar bustadjakta, så veit du om du kan kjøpe ny bustad før du har selt den gamle.
Den store uvissa når du kjøper ny bustad før du har selt den gamle, er knytt til kva pris du får for bustaden du skal selje. Vi anbefaler at du bereknar eit prisfall på inntil 15 % i forhold til oppdatert verdivurdering.
Viss du får mindre for den gamle bustaden enn du hadde tenkt, må pengane skaffast på annan måte.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium