Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
- Sjølveigar: Du må betale 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift til staten, og eit lite gebyr for tinglysing av skøyte og tinglysing av sikkerheita til banken.
- Burettslag: Kostnadane er betydeleg lågare, ca. 5000 kroner.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
- Du kan spare Er du under 34 år er Bustadsparing for ungdom (BSU) ei smart spareform.
- Familie kan hjelpe deg, til dømes ved å gi forskot på arv eller eit privat lån.
Sjå også
Eigenkapital og finansiering
Bustadlån utan eigenkapital