Kva er forskjellen på sjølveigar og burettslag?

Når du skal kjøpe bustad, kan du velje mellom ulike eigarformer. Det er nokre viktige forskjellar mellom sjølveigar og burettslag, og begge eigarformene har både fordelar og ulemper. 

Sjølveigar

Du eig bustaden sjølv, med dei rettane og plikter det inneber. Du kan til dømes pantsetje den, leige ut eller pusse opp utan å innhente løyve frå nokon. Du er òg ansvarleg for alle bustadrelaterte utgifter sjølv, som til dømes kommunale avgifter, vedlikehald og husforsikring

  • Einebustader er typiske sjølveigarbustadar. Her eig du som regel både huset og tomta huset står på. Nokre einebustader står på festa tomt, som vil seie at du eig huset, men betalar ei årleg festeavgift til grunneigar for leige av tomta.
  • Kjøper du ein sjølveigarbustad blir du medeigar i eit sameige. Du eig eigarseksjonen din, som består av bustaden din og eventuell bu og parkeringsplass. Fellesareal som trappeoppgangar, uteareal og felles vaskerom, eig du og dei andre seksjonseigarane i fellesskap. Du betalar ofte ein fast sum i månaden til fellesutgifter.
  • Kjøper du ein brukt sjølveigarbustad, må du betale 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift til staten. Bygger du bustad sjølv eller kjøper ein sjølveigarbustad i eit nybygg, blir det berekna dokumentavgift berre av tomtekjøpet.

Burettslag

Eit burettslag er eit selskap som er eigd av dei som bur der. Kjøper du bustad i eit burettslag eig du ein del i burettslaget, og får einerett til bruk av bustaden din. Ein del av kjøpesummen i eit burettslag vil vere eit felleslån, som blir betalt av deg og dei andre bebuarane. 

  • Reglane for utleige er strengare i eit burettslag enn i eit sameige, og du må forhalde deg til burettslaget sine husordensreglar og vedtekter. Det kan innebere restriksjonar knytt til husdyrhald, påbygg og andre endringar. 
  • Ein fordel med burettslag er at du slepp å betale dokumentavgift til staten på 2,5 % av kjøpesummen. Det er derfor eit godt alternativ viss du planlegg å berre bu i leilegheita eit par år, då dokumentavgifta ofte blir eit reint tap med så kort tidshorisont. 
  • Hugs å sjå på totalprisen før du kjøper bustad i eit burettslag. Det gjer vi i banken, mellom anna når vi reknar ut kor mykje eigenkapital du må ha for å få lån. 
  • Det kjem driftskostnadar i tillegg til dei månadlege fellesutgiftene til renter og avdrag på fellesgjelda. Dette er til dømes kommunale avgifter, vaktmeistertenester, felles energibruk og vedlikehald av fellesområde.

Sjekk alltid burettslaget sin økonomi før du byr på ei burettslagsleilighet. Viss burettslaget til dømes har avdragsfritak på lånet for ein periode vil dei månadlege kostnadane auke når den er over.

Hugs at det er styret og generalforsamlinga som bestemmer både over felles gjeld og større investeringar. Dette gjer at du som bebuar kan få høgare månadskostnad.

Sjå også
Kor mykje kan eg låne til bustad? 
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad? 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }